- No skal me lage spekepølse, seier Per Hilleren. 

Han tek i mot Sogn og Fjordane Bondelag heime på garden i Sogndal. På kjøkkenet er kjøttdeigen klar. 

- Kjøttdeigen laga eg for ei stund sidan, så la eg den i ei plastbøtte. Eg passa på at det ikkje var noko luft mellom, før eg la eit matpapir over. Eg måtte også passe på at matpapiret var tett mot kanten på bøtta, slik at det ikkje kom luft til. Deretter sette eg bøtta i eit mørkt kjøleskap, som hadde 2-4 grader, og lot det stå slik i rundt fem veker. 

Hilleren fortel ivrig. Han brenn for norsk mattradisjon, og lagar gjerne julematen frå grunna av. 

 

Vil halde tradisjonen i hevd

KJEKT ARBEID: I tillegg til spekepølse lagar Per Hilleren mellom anna ribbe, sylteflesk, pølser og smalahovud.

 

- Eg meinar det er viktig å ha denne kunnskapen, for å kunne lære opp generasjonane som kjem etter meg. Det handlar om å forstå korleis folk før i tida utnytta ressursane på garden sin. 

Hilleren legg kjøttdeigen i maskina, medan han pratar om sjølvprodusert mat.

- Det er kjekt å kunne ete heimelaga pølse. Om eg får besøk, får dei gjerne smake. Det er ikkje alle som kjenner historien bak maten vår, og kor viktig den kunnskapen har vore for at folk klarte seg før i tida. 

Sogningen er oppteken av at dei gamle, gode mattradisjonane ikkje skal gå i gløymeboka. 

- I dag kan ein kjøpe ferdige pølser på butikken, eg trur ikkje alle veit korleis dei hamna der. Om ein går tilbake i tid, brukte dei naturmetodane og tenkte over det dei gjorde. 

 

Gler seg til jul

DELER KUNNSKAP: Om folk vil lære meir om mattradisjonar, stiller gjerne Per Hilleren opp.

 

- Denne spekepølsa har eg laga før, og den er god. 

Det er tungt arbeid å lage spekepølser åleine. Medan Per Hilleren jobbar, fortel han at spekemat er så godt, at det er verdt arbeidet. Han kikkar kjapt ut vindauget, før kjøttdeigen vert stappa i tarmane. 

- Eg brukar syntetisk pølsetarm på denne typen pølse. Det er fordi det er ein tarm som tåler mykje, forklarar han. 

I fylgje Hilleren er spekemat er godt heile året, men litt ekstra stas med jul. No ser han fram mot høgtida, og alt det den har å by på.

- For meg er høgdepunktet 1. juledag. Då et eg ein god frukost, før det er gudstjeneste. Jul for meg er bodskapen, det at Jesus vart fødd. I tillegg kjem alt det andre med familie, og det å kunne samlast til gode måltid. Det er viktig for å ta vare på mattradisjonen.