Landbruket er ein del av løysinga på klimautfordringane, og eit av punkta i Landbrukets klimaplan er fossilfri oppvarming. Vestland Bondelag er difor med å arrangere eit seminar som gir ei kort innføring i gardsvarmeanlegg.

På programmet står tekniske løysingar, råstoff, investering og økonomi, og deltakarane får sjå ein film frå ein lokal gardbrukar som har investert i flisfyringsanlegg. Anlegget varmar opp garden og bygg knytt til tilleggsproduksjon med flis frå eigen skog.

Gardsvarmeprosjekt Vestlandet står bak webinaret, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge og Vestland Bondelag.

Dato: 15. mars klokka 10-11.30
Stad: Digitalt møte

Målgruppe: I all hovudsak gardbrukarar, skogsentreprenørar, rådgjevingstenesta og andre interesserte.

Meir informasjon, program og påmelding finn du her: Webinar bioenergi - lokalt skogsvirke som oppvarmingskjelde på garden.

I oktober hadde Gardsvarmeprosjekt Vestlandet ein fagdag på Voss der deltakarane mellom anna besøke garden til Lars Selheim for å sjå eit flisfyringsanlegg i drift. Peder Nernæs frå Vestland Bondelag heldt eit innlegg om landbruk og klima.

Flisfyring hos Lars Selheim