Rundt 20 personar møtte opp på konferansesenteret Skjelbreid Poirée i Fusa. Leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, gav ei innføring i næringspolitikk og dei landbrukspolitiske berebjelkane. Møtet hadde tittelen "Kva inneber næringspolitikken for deg?".

Næringspolitikk er ein viktig del av arbeidet i Bondelaget på alle nivå. Det er eit vanskeleg fagfelt, men det er viktig at bøndene skjøner politikken som legg grunnlaget for arbeidsplassen deira.

- Frøydis var engasjerande og det vart tilløp til oppheta diskusjon, sa lokallagsleiar Peder Nernæs etter møtet.

Landkreditt Bank sponsa møtet, og deltakarane fekk informajon om kva banken kan tilby medlemer i Bondelaget.