Eivind er leiar i Bergen Bondelag og driv med mjølk og litt sau. Eivind og familien bygde om til lausdrift i det gamle båsfjøset, som er frå siste halvdel av 1800-talet. Ved å satse på gjenbruk slapp dei å byggje nytt fjøs på matjord. Eivind har 70 dekar og leiger to andre bruk. Han har også tilgang til utmarksbeite på fjellet, noko som er viktig for drifta.

- Her eg bur må ein køyre langt for å få tak i meir leigejord, sa Eivind i innlegget sitt. - Skal eg få dette til å gå i hop kan eg ikkje sløse med arealet mitt. Eg har ikkje 5 dekar til å setje opp nytt fjøs. Det er det same som 2 kyr, og når ein bare har 16 kyr, så seier det seg sjølv.

Bondebladet har laga ein reportasje om Eivind og familien der du kan lese meir om ombygginga. Ny innreiing og brukt mjølkestall vart løysinga for Eivind.

Tønsberg-bøndene Knut Søyland og Robert Heum var også invitert til å seie noko om korleis dei har utvikla sine gardsbruk på ein jordvernvenleg måte. Knut Søyland fortalde om kvifor han valde å byggje ny korntørke på stein i staden for på matjord, og Robert Heum frå Tønsberg viste korleis han hadde bygd nytt grisefjøs utan å byggje ned matjord.

Du kan lese meir om korleis dei løyste dette på nettsida til Grønt Fagsenter (Vestfold Bondelag).

Leiarane i Norges Bondelag og Norges Bonde og Småbrukarlag hadde også innlegg på konferansen, saman med Landbruks og matminister Sandra Borch og representantar frå NIBIO, SSB, LMD, Jordvern Norge og Statsforvaltaren i Rogaland. Du kan lese om konferansen på bondelaget.no Må redusere nedbyggingen av matjord, både i og utenfor landbruket

Program: