Lokallagsbrev 12. september:

Årsmøte i lokallaga

Årsmøtet skal haldast innan 1. november. Malar for innkalling, saksliste, lover, tips og råd finn de på bondelaget.no, under "Drift av lokallaget". Medlemslister finn de på Min side/Mitt lokallag. Vi på kontoret kan hjelpe deg med å logge inn, og vi kan også sende medlemsliste på e-post dersom du ønskjer det.

Mange lokallag sender innkalling på e-post og sms i tillegg til annonse, men det er framleis mogeleg å få adresseetikettar. Send oss ei melding, så sender vi etiketter i posten.

Fylkesstyret deltar gjerne på årsmøte, ta kontakt med fadderen dykkar (sjå liste) eller kontoret. Hugs at vi må få dato for årsmøtet sjølv om de ikkje vil ha besøk. Målet er at om lag halvparten av lokallagsårsmøta skal få besøk frå fylket kvart år.

Hugs også å sende inn melding om val etter årsmøtet, eller legg det inn på «mitt lokallag». Det er viktig at vi har oversikt over dei tillitsvalde så vi kan sende informasjon til rett person.

Aktive lokallagsmidlar

Dersom det har vore eit aktivt år for lokallaget, kan de søkje om aktive lokallagsmidlar. Søknaden gjeld aktivitetar som de har hatt i arbeidsåret 2015/16. Hugs å ta med alt; arrangement, møte, kontakt med politikarar og andre, merknad til reguleringsplan og samarbeid med andre organisasjonar/lag. De kan søke på skjema eller sende ein e-post. Legg ved årsmelding og rekneskap. Frist for å søkje er 1. desember.

Fadderliste

Vi legg ved liste over lokallag med kontaktperson i fylkesstyret. De kan sjølvsagt ta kontakt med andre i styret, dersom de ønskjer det. Fadderen har eit ekstra ansvar for sine lokallag, og tek kontakt til dømes før årsmøte i lokallaga og ved aksjonar.

Med venleg helsing oss på kontoret