Onsdag 7.april og torsdag 8.april arrangert Gloppen Bondelag kurs i bruk av personlifter saman med Ramirent. Kursa hadde 9 deltakarar kvar dag, slik at ein klarte å gjennomføre kurset i tråd med gjeldande smittevernrestriksjonar. 

Først vart det 4 timar teori, og deretter praktisk opplæring på slutten av dagen.
Det var eit ufyseleg vêr begge dagane, men kursa vart likevel gjennomført på ein god måte. Fins ikkje dårleg vêr, berre dårlege kler. 


Gloppen Bondelag stod for utgiftene med møterom og matservering. Sjølve kursavgifta måtte kvar enkelt deltakar betale sjølve. Regelverket seier at ingen næringgsdrivande har lov å bruke lift utan å ha kurs for dette når arbeidet gjeld næring.


So no har bøndene i Gloppen lov til å jobbe både høgt og lågt. :)