Listetoppar på gardsbesøk i Etne
Tysdag denne veka reiste toppkandidatane i Vestland Krf til Etne for å bli betre kjend med landbruket i kommunen. Etne Bondelag og Hordaland Bondelag var sjølvsagt med.
Etne Bondelag møtte Krf sin første og andrekandidat til fylkestingvalet på garden til Johannes Silde. Anne Holter Vae frå fylkesstyret i Hordaland Bondelag hadde med dravle, laminerte kuvett-reglar og gode innspel til Trude Brosvik og Tor Andre Ljosland. Ho fekk snakke med listetoppane om mellom anna importvern og utmarksressursar.