Listetoppar på gardsbesøk
Bondelaget inviterte listetoppane til Alver kommune og Austrheim kommune til open gard med fagleg påfyll.
Bondelaga i det som snart vert Alver kommune og Austrheim kommune inviterte alle 11 partia til open gard hos Randi Underthun og Ove Holmås. Det kom 13 stk frå 8 ulike parti, mellom anna 3 ordførarar. Imponerande!
Ove fortalde engasjert om drifta på garden, lokale utfordringar og om dei store strukturendringane næringa har vore gjennom dei seinare åra. Han tok dei også med på ein fjøsrunde, noko som var populært.
Jan Otto Pletten viste plansjar og fortalde om kor mykje landbruket vil bidra med i Alver. Han presenterte tal for verdiskapning, antal arbeidsplassar og ringverknadane landbruket skaper. Politikarane vart nok litt overraska over kor stort landbruket i Alver vert.
Olav Myhr hadde eit innlegg over tema: Kvifor blir politikarane i Alver viktige for landbruket.
Bent Risøy fortalde om utfordringar med levering av returplast. Dette lova politikarane å ta tak i så snart som mogleg.
Me dekka bord i reiskapshuset og serverte kveldsmat med vekt på lokale produkt, mellom anna spekemat og heimelaga potetsalat.
Praten rundt bordet gjekk lett og me vart betre kjende med kvarandre.
Me takkar politikarane for at dei kom, og håpar dei løftar fram lokalt landbruk i valkampen.
Tekst Olav Myhr
Bilete: Jan Otto Pletten og Asgeir Nøttveit