Frøydis Haugen og Lars Petter Bartnes under bondelagets talkshowLeiarmøtet går over to dagar, og første dagen vart det også arrangert kurs for unge og nye bønder. Deler av møtet var difor sett av til felles foredrag av veival-rådgjevar Ole Christen Hallesby.

Deltakarane på Unge Bønder-kurset og leiarmøtet fekk også høyre kvifor organisering er viktig for å nå fram. Lars Petter Bartnes heldt eit innlegg med tittelen ”Bondelaget – saman er vi sterke”.

Nytt i år var ”Bondelagets talkshow” som vart leia av ordstyrar Jostein Hellestveit. Lars Petter Bartnes og vår eigen leiar Frøydis Haugen snakka om viktige tema i organisasjonen, og bøndene i salen applauderte og kom med spørsmål.

Alle lokallaga fekk også høve til to minutt med leiaren i Norges Bondelag. Fleire av lokallagsleiarane hadde spurd medlemene sine på førehand kva tema dei skulle leggje fram for Bartnes. Han noterte og tek innspela med seg til resten av styret i Norges Bondelag.

Rådgjevar i Næringspolitisk avdeling i Norges Bondelag, Mina Mjærum Johansen, var også gjest på leiarmøtet. Ho snakka om mjølkekvoter, jordvern, arealplanlegging og massehandtering.

Andre tema som vart tatt opp, var mellom anna Malawi-prosjektet, vanndirektivet, val 2015, politisk arbeid, matstrategi, landbruksmelding i Hordaland, verving og studietur til Romania neste år.

Når fleire møte vert arrangert på same tid, er det alltid nokon som har "fleire hattar". Kristoffer Bakke Handeland møtte på leiarmøtet som nyvalt leiar i Sveio Bondelag, men han var også med på Unge bønder-kurset. Her er han med Frøydis Haugen og Lars Petter Bartnes. Har du høyrt namnet før? Han er ikkje den første i familien som har verv i bondelaget!

Deler av tida var både deltakarane på unge bønder-kurset og leiarmøtet i same sal.

Vår kjære æresmedlem Kari Valland.