Velkommen til leiarmøte torsdag 20. – fredag 21. oktober på Rosendal Fjordhotel.

Det er viktig at lokallaga møter, både for fagleg påfyll og det sosiale. Dersom leiar ikkje kan reise, er det fint om nestleiar eller ein annan frå styret kjem.

Deltakaravgifta er kr. 1.200, faktura kjem etter møtet. Det er eit årsmøtevedtak at alle lokallag skal betale eigendelen sjølv om dei ikkje er på møtet. Dette gjer at alle får ei lik økonomisk belasting, ikkje bare dei som er flinke til å reise på fylkessamlingar. Fylkeslaget dekker reise etter reiserekning. Skjema får de på møtet.

Påmelding til hordaland@bondelaget.no eller tlf 55 91 88 80 innan 6. oktober. Varsel er sendt ut tidligare, derfor er fristen kort.

Ta gjerne kontakt med ”nabolaget” for samkjøring.

Last ned programmet til leiarmøte i Hordaland Bondelag her:


Foto: Marianne Nordhus