Leiar sin tale til årsmøtet
Årsmøtet til Vestland Bondelag er i gang, og her kan du lese fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld sin tale.
Gode ordstyrarar, årsmøtet, æresmedlem og gjestar!
Det er ei sann glede å ønskje dykk velkomen til Årsmøtet i Vestland Bondelag her i vakre Flåm.
Vestlandsnaturen på sitt vakraste og villaste finn vi her i Aurland, og med det eit landbruk som er ekstremt godt tilpassa det barske naturgrunnlaget. Mat har dei hatt bruk for til alle tider her og.
No har vi to dagar med landbruk og landbrukspolitikk i fokus. Vi ønskjer takhøgde og engasjement i debattane. Eg ønskjer å sjå og høyre dykk på talarstolen. Her i salen er det samla mykje meining, og kvar og ein av dykk gir verdifull innsikt og tilskot til ein debatt som skal forme framtida for Vestlandsjordbruket.
Eg ynskjer spesielt velkomen til dykk som er nye utsendingar frå lokallaga. De har tatt på dykk eit viktig tillitsverv. Våg å ta plass og ver sikker på at di stemme er like viktig som dei som sit her som æresmedlemar. Vi utfyller kvarandre og nye stemmer må til for at vi skal lykkast med å stake ut den gode vegen vidare.
Som bønder trur eg vi alle av og til tenkjer; Kvifor i alle dagar driv eg med det her.
Det kan vera ein veldig sein kveld i slåtten, det er meldt regn og ein må berre halde på til alt fôret er i hus. Så ryk ein hydraulikkslange, olje overalt, ein er støl og sliten etter fleire dagar med hektisk arbeid.
Ei stormfull natt når straumen er borte, aggregatet må fram for å få i gang fôringssystem og mjølkerobot for å hindre det komplette kaos, stort driftstap og liding for kyr med høg produksjon. Og det er berre du som kan fikse det.
Når 100 000 kroners rekningane hopar seg opp, det er skrapt på kontoen, og ein stor klump veks i magen, fordi ein er usikker på om ein tener nok pengar til å dekkje det uteståande.
Kvifor i alle dagar valde eg dette yrket og den her livsstilen?
Men så kjem det fantastiske augeblikk og solskinsdagar, pengar inn på konto og skremmande nyheitsbilete som viser oss at det vi driv med er noko av det mest meiningsfulle av alt. At det vi held på med er ein del av eit større bilete, og at vi er ein del av noko som er større enn oss sjølve. Vi blir løfta ut av kvardagen og får verda tett på. Og denne verda er skremmande no. Det er ikkje krig i vårt land, men det er heller ikkje djup fred. USA med Donald Trump i spissen spelar kort med resten av verda, og har mål om å vinne ein finansiell krig med kraftige tollbarierrer. Det vil påvirke oss kraftig. Stormaktene kappast om å markere seg som akkurat det. Vi føler oss små, men og viktige i dette biletet.
Vi gjer ein livsviktig jobb. Det gjer godt når det blir lagt merke til at vår innsats og vårt bidrag til samfunnet er skilnaden på død og liv. Og så er det frustrerande når det motsette skjer, vi får skulda for høge matprisar, klimakrise og usunn proteksjonisme i jobben for å sikre innanlands matproduksjon.
Kvifor er det viktige å oppretthalde matproduksjon i Vestland? Det enkle svaret er fordi vi alltid treng mat. Fordi norsk løpande matproduksjon sikrar ein viktig innanlands beredskap. Som Totalberedskapskommisjonen peika på så er det alvor nå. Vi må rigge oss for ei framtid med meir ufred og med store klimaendringar. Samtidig! Vi må bygge beredskap blant anna i form av sterkare forsvar og eit robust matsystem. Planane må leggjast no i fredstid. Vi må ta inn over oss at skal vi ha mat i krisetid så må vi sørge for den beredskapen i fredstid.
Sentraliseringa av matproduksjonen, import og nedbygging av jord gjer at produksjonsgrunnlaget og det matproduserande arealet er trua, noko av det beste arealet har allereie gått tapt grunna nedbygging. Samtidig mistar vi viktig kunnskap om å kunne produsere eigen mat. Det er eit sterkt alvor som vi sakte men sikkert ser sig innover styresmaktene våre i takt med utvikling mot ei meir utrygg verd. Fleire Stortingsmeldingar og rapportar frå Riksrevisjonen dei to siste åra peikar på kor sårbare vi er med svake matsystem og mangelfull beredskapsplanlegging på mattryggleiksområdet. Nokre av konklusjonane det vert peika på er at mykje av maten er importert , og potensialet for å omstille produksjonen eller forbruket i ein krisesituasjon er ikkje kjent. Vi har altså ingen god plan. Ved krise kan vi vera mange som må legge seg svoltne, og kven skal bestemme kven som skal få mat.
Riksrevisjonen sine konklusjonar er alvorlege for oss alle. Det er på høg tid at styresmaktene gjennomfører ein risiko, sårbarheits- og beredskapsanalyse av norsk matproduksjon
Spreidd stor matproduksjon i heile landet er vår beste beredskap. Norge si sjølvforsyning må styrkast vesentleg i tråd med målet om auka sjølvforsyninga til femti prosent. Dette er ein god start, og så må vi ta grep som sørger for nettopp dette. Dette gjer ein best gjennom å ta i bruk alt eigna areal i heile landet til produksjon av mat. Beitedyr i utmark, gras på grasmark og korn på kornjord. Frukt, bær, grønsaker og potet er det gode tilhøve for å dyrke meir av mange stader i landet. Ikkje minst i Vestland. Men da må vi legge til rette for det. Ein landbrukspolitikk gjennom åtte år med blå-blå regjering som har fjerna og forenkla struktur- og distriktsgrep har virka motsett.
Ein spreidd matproduksjon er ikkje berre bra for den mengda mat vi produserer i landet. Produksjonen av gris og egg er døme på viktige tilleggsproduksjonar i distriktet som er med på å sikre ein fornuftig slakteristruktur og ein spreidd produksjon som gir eit lågare smittepress og ei sikrare forsyning. Det spreier risiko og styrker forsyningsevna ved kriser som smittsame sjukdommar, tørke og flaum. Det er sjeldan dette rammer heile landet likt. Ein spreidd matproduksjon gjev også ein delt kunnskap om korleis og kva mat som kan produserast på dei ulike areala i heile landet, samtidig som det gir busetting og næringsverksemd i heile landet. Det er også ein viktig del av vår nasjonale beredskap. Menneska sin kunnskap og vilje til å produsere mat er heilt avgjerande.
Bommer vi med landbrukspolitikken? Jordbruksavtaleinstituttet feirar 75 år i år. Og det er det grunn til å feire. Sidan 1950 har norske bønder hatt ei unik avtalefesta moglegheit til å påverke inntektsmoglegheitene og utviklinga av landbruket gjennom å forhandle med staten om markedsordningar, målpriser og landbruksstøtte. I perioden har vi blitt mange færre bønder. Har vi tenkt feil og gjort feil i 75 år? Det er no under 37 000 bruk i Noreg. Vi kunne like gjerne stilt spørsmålet bommer vi med samfunnsutviklinga? For dette går hand i hand.
Landbruket i 1950 og i dag er knapt samanlikbart, akkurat som samfunnet i 1950 og i dag er særs ulike. Det har utvikla seg enormt. Ville vi hatt eit aktivt landbruk i heile Noreg i dag utan ei utvikling som sikrar betre dyrevelferd, betre arbeidsmiljø, meir effektiv produksjon, betre sortar og ny teknologi? Etter 1950 byrja mjølkemaskina og traktoren å bli vanleg på norske gardar og utviklinga gjekk frå 9000 traktorar i 1949 til over 50 000 på ti år. Effektivisering av landbruket var eit klart politisk mål og matsikkerheit for etterkrigstida var heilt sentralt, samtidig som mål om auka levestandard og trygg økonomi for folk flest var viktig. Eg er sikker på at det ikkje er mogleg å fryse landbruket i ei 50-talsboble, det er heller ikkje klokt, vi kjem uansett til å utvikle oss vidare. Demografiutviklinga er noko av det som er den største utfordringa. Vi har for få hender i arbeid. Vi har eit arbeidskraftunderskot. Det merkar vi godt i landbruket og har gjort det over tid. Difor er det viktig å sikre at vi kan ta i bruk ny teknologi i landbruket som gjer oss i stand til å møte dette utan å slite oss ut.
Vi er ganske artige som næringsutøvarar. Det sit djupt i dei fleste av oss i landbruket å forbetre resultatet, å ta i bruk ny teknologi, sette i stand, utvikle, litt og litt betre, vi bygger stein på stein. Ein jobb vil aldri blir ferdig med. Og målet vårt i smått er rett og slett det som bønder i århundrar før oss har styrt etter: Å etterlate garden i betre stand for dei som kjem etter oss. Og i stort utvikle eit robust landbruk og ein sikker matproduksjon med rammevilkår som sikrar at nye generasjonar vil ta over gardane og utvikle dei vidare.
Hovedavtalen sikrar oss handa på rattet, det gir oss ansvar og det gir oss moglegheiter. Vi skal saman med regjering og storting til ei kvar tid vera med på å vise veg i jobben med å sikre norsk matproduksjon. Og så er det til sist politikarane som bestemmer, dei har ansvaret.
Den politiske viljen til å satse på norsk landbruk er heilt avgjerande for oss. Det er viktig at Stortinget no landar talgrunnlaget som legg eit grunnlag for forhandlingane. Og sørger for at tetting av inntektsgapet mellom bonden og gjennomsnittslønnsmottakar blir fulgt opp i tråd med opptrappingsplanen i løpet av dei to åra som er igjen til 2027. Avtalen mellom Ap, Sp, V, KrF og Pasienfokus er viktig. Dei har tatt ansvar og sørger for ei einigheit og sikrer fleirtal på Stortinget. Og så har vi ei forventning om at det blir tatt grep som gjer at vi unngår å havne i same situasjon igjen der gapet til andre lønnsgrupper auker. Det har verken vi i næringa eller samfunnet rundt oss råd til. Det må lønne seg å produsere mat.
I 2034 kjem kravet om lausdrift for alt storfe. Eg er ikkje i tvil om at dette er eit viktig grep som sikrar velferd for folk og betre arbeidsmiljø like mykje som dyrevelferden. Eg er heller ikkje i tvil om at dette påverkar strukturen og sentralisering i landbruket. Dette kostar og det er vanskeleg å få reknestykket til å gå opp dersom arealgrunnlaget og kvota er liten. Vestland har flest av dei minste bruka, men vi er og ein sterk mjølk- og kjøtregion med mykje grasareal og mykje utmarksbeite. Det ligg fantastisk godt til rette for ein god berekraftig matproduksjon. Dette er for verdifullt til å la det gå tapt. Lausdriftskravet må delfinansierast av staten gjennom investeringsordningar som senkar risikoen for den enkelte bonde.
Takka vera det fantastiske grepet med auka mengde investeringsmidlar for kvar enkelt bonde for to år sidan så er vi framme i skoa, og finn løysingar for å oppfylle kravet. Det blir framleis færre og større mjølkebruk, men utviklinga går i retning av at gjennomsnittsstørrelesen på utbyggingsbruka blir mindre. Den unge bonden i Vestland ønskjer å skape seg ein arbeidsplass med god velferd for folk og dyr. Der det er mogleg å ha ei god leveleg inntekt og eit godt familieliv. No har vi kø i søknadane på investeringsmidler i Vestland. Det er heilt fantastisk, og vi treng meir pengar for vi har ikkje tid og kapasitet til at det legg seg opp ein kø.
Nye krav i Gjødselbruksforskrifta som vart innført i frå 1. januar i år vil sette begrensningar på landbruksproduksjonen. Nye maksgrenser på fosforgjødsling gir eit auka krav til spreieareal, og det kan gje oss lågare avling. Vi er uroa for at dette vil ta ned moglegheiten til å auke matproduksjonen. Det er gledeleg at bøndene i Nordhordaland er i gang med eit prosjekt for å optimalisere bruk av husdyrgjødsla i regionen, med eit forretningskonsept der husdyrgjødsal skal fordelast mellom dei som har for lite og dei som har for mykje gjødsel i høve det nye regelverket. Eg håper dette kan bli ein god modell for fleire av dei sterke landbruksmiljøa i Vestland.
Det er tatt nokre ekstremt viktige grep dei siste åra for å sikre matproduksjonen i heile landet. Åra med pandemi og stengde grenser vart ein vekker. Kostnadstsunamien som fulgte i åra etter det same, og så kom renteauken. Det vart viktig å nok ein gong sørge for at ein norsk løpande matproduksjon. Vi har fått i hamn gode landbruksoppgjer saman med regjeringa og det har vore helit naudsynt. Dei to siste åra har vi vore tydelege på ei viktig styrking av mjølkeproduksjonen. Og vi har lukkast med grepa så langt, med eit nytt pristilskot på mjølk med virkning frå 1. juli i fjor og godt hjulpen av ein gunstig marknadsituasjon for mjølk. Eit mjølkesalg som tar skikkeleg av. Samtidig så blinkar det store raude varsellampar for saueproduksjonen – ikkje berre i Vestland, men i heile landet. Det er stor nedgang, vi produserer for få lam og produksjonen av små lam med svak klasse har auka. Dette er klare teikn på ei næring som slit med økonomien, og at det er svak lønnsemd i sjølve produksjonen. Resultatet er ein stor nedgang i sau på utmarksbeite og færre lam klar til slakt når det er venta å finne lammekjøtet i butikken. Begge deler gir svakare økonomi til ei allereie pressa næring.
Det er sterk uro i høve moglegheita for vekst i produksjonen av frukt, bær og grønt i Vestland. Det er lite utviklingsmoglegheiter og vi ser at produksjonen av bær går sterkt tilbake i fleire områder. Dette må løysast. Vi treng vekst i desse produksjonane og det er eit viktig politisk mål. Vi skal produsere meir norsk frukt, bær og grønt.
Når vi var samla på Voss til leiarmøte for fire månader sidan var det rett etter ekstremværet Jakop. I førre veke opna himmelen seg over oss igjen. Denne gongen ekstremt med vatn som raskt ga store skadar og særleg vegnettet vårt fekk skadar med over 50 stengte vegar, nokre av dei i fleire døgn. Fleire bygder vart isolerte igjen. Vassmengdene er enorme naturkrefter vi ikkje kan kontrollere. Våtare, varmare og villare held på å verte den nye normalen, og vi må ta ansvar raskt. Mange opplever ras og flom og timer eller dager uten strøm. Vi må forebygge. Vi må tilpasse og vi må ta klimaarbeidet på alvor.
Undersøkelser gjort av KS viser at er kommunane som har vore råka av ekstremvær før handterer dette best, og prioriterer beredskap sterkast. Dette gjeld nok og kvar enkelt av oss. Vi lærer altså framleis på den harde måten. Eg håper vi etter kvart lærer av kvarandre og tar på alvor ei føre var haldning. Erfaringsbasert risikovurdering gjer at vi spring etter ulykkene, men ei stadig betre varslingsordning bergar oss. Beredskap handler og om korleis vi løyser ting på den enkelte gard. Beredskapsplaner er blitt mer enn et dokument i en perm eller ein skuff. Fleire lokallag jobber nå med dette i praksis og slik er vi med på å sikre at vi løyser vi samfunnsoppdraget vårt. Beredskapsvenn var eit nyord i fjor, og det er eit viktig ord for oss alle. Tenk over kven som er dine beredskapsvener, og sørg for at de er gode vener som støtter kvarandre i krise.
Korleis skal vi klare å snu avmakta vi som bønder møter i verdikjeda for mat? Er det mogleg å snu dette til ei råvaremakt for oss som produserer den norske maten? Det er defensivt å sette seg ned og vente på eit ei eventuell krise skal løyse dette for oss.
Folk må kjøpe norsk mat fordi det er best, ikkje fordi det ikkje er noko anna å velje i matbutikken. Vi må fortsette å bygge preferanse for å kjøpe norsk mat. Det betyr at vi må vise fram den fantastiske kvaliteten vi produserer, og kor bra vi produserer maten. Det må vera tydeleg når du kjøper norsk mat, og når du ikkje gjer det. Vi må sørge for at våre eigne selskap har styrke til å fylle rolla som marknadsregulatorar, og til å sette pris i marknaden som gir bonden ei leveleg inntekt, som sørger for norsk mat i butikkhyllene. Dette er eit av våre sterkaste kort, men vi skal sjølvsagt godta konkurranse på like vilkår.
Det må lønne seg å produsere mat på eigne nasjonale ressursar. Skal det skje krevst det politisk vilje til å styrke økonomien i vår nasjonale produksjon av mat. Kunnskapen kring matproduksjon må også styrkast hos barn og ungdom gjennom målretta arbeid i barnehagar, skule og heimen.
Regjeringa si satsing på lokalmatproduksjon er spennande og det kan gje oss gode moglegheiter til å vise fram og utvikle den gode lokale matproduksjonen i Vestland. Det er stor interesse kring lokalmatproduksjon. Det er viktig at vi støtter opp om dette, og griper sjansen til å utvikle dette vidare. Turisme og lokalmatproduksjon er ein god miks, og vi har ein sterkt aukande turistnæring i Vestland med dei moglegheitene det kan gje. Og så er det viktig å hugse på at vi ikkje kan drive med dette alle i distriktslandbruket, men det gir spennande moglegheiter for nokre av oss. Og eg meiner det hever opp landbruket generelt og gjer oss synlege.
Kjære politikarar. Slepp no for all del ikkje bonden fri! Skal vi ha matproduksjon og landbruk i heile landet må vi ha politikk som sørger for nettopp det. Då vi treng distriktsbøndene meir politikk, ikkje mindre. Det politiske målet er å auke sjølvforsyninga i Noreg betyr auke i norsk matproduksjon – mjølk og kjøt, frukt, bær og grønt, grovfôr og korn.
Sterk kostnadsvekst gjer at sentraliseringa har skutt fart. Det er dei mest sårbare områda som står svakast. Der det er langt til neste aktive gardsbruk, der driftsvanskane er størst. Å sleppe marknadskreftene fri vil styre matproduksjonen inn til nokre få sterke områder i landet. Vi har allereie eksempel på korleis marknaden kan utvikle seg med kontraktsproduksjon på kylling. Den er sterkt sentralisert. Den løpende matproduksjonen er den viktigaste beredskapen vår. Vi må saman sørge for at matproduksjon og beredskap blir ein viktig sak i valkampen.
Framtida for Vestlandsbonden dersom politikarane vil!
Så må vi i landbruket vise fram kor gode vi er – den gode jobben som vi bidrar med. Vi blir lytta til om vi er ærlege og tydelege, og vi må vise oss fram som den fantastiske næringa vi er. Skal vi auke norsk matproduksjon, må folk kjøpe norsk mat fordi det er det beste valget og fordi det er viktig for dei, og at dei ser dei tilleggsgodene dette gir til samfunnet. Ikkje fordi dei syns synd på oss!
Eg ynskjer eit godt møte til dykk alle og gler meg til vidare diskusjonar om det viktige landbruket vårt.