Eitt av verlamma til Kjell Mardal ver vurdert av dommar Tollef ÅrdalInnan sauehaldet har avlsframgangen vore stor dei siste åra, og nokon seier han gjerne har vore for stor når det gjeld tal lam pr. sau, men når det gjeld slaktekvalitet syner årets tal at det er gjort ein fantastisk jobb av mange, held Gjengedal fram.  Godt avlsarbeid saman med ein god beitesesong og dyktige sauehaldarar gjev topp kvalitet ut i butikken til oss forbrukarar.

I desse dagar er det høgsesong for paring i sauefjøsa i fylket og framleis vert veren nytta flittig, sjølv om kunstig inseminasjon også har gjort sitt inntog i sauefjøsa.  Det er ikkje kven som helst slags ver som slepp til heller.  Mange av dei har vore på kåringssjå tidlegare i haust for å få sin dom og sin pris.  I Gloppen til dømes skipa ein for første gong til kåringssjå for heile kommunen på Fjordhestgarden i Breim.  Der var 132 verlam synte fram og fekk sin dom.  Fleire av desse er truleg i aktivitet i sauefjøsa i fylket i desse dagar. 

Kvaliteten på ulla vert også sjekka