SPENNANDE JOBB: Sjå meir om kva arbeidsoppgåver som ventar vår nye klimakoordinator i videoen over.

 

Klimakoordinatoren skal, med bakgrunn i Landbrukets Klimaplan, koordinere klimaarbeidet i landbruket som rettar seg mot bonden og gardsdrifta hans.

Klimakoordinatoren skal motivere bonden til å drive klimavennleg matproduksjon utan at det går ut over produksjon, arealbruk, dyrevelferd og dyrehelse.

Klimakoordinatoren arbeider tett med både rådgjevingstenesta, faglag, forvalting og bonden, han må ha nettverk og kunne løfte fram dei gode eksempla innan næringa.

Klimakoordinatoren skal syte for at utviklinga av klimakalkulatoren er tilpassa vestlandsjordbruket og våre utfordringar. Han drifter nettsida til prosjektet www.KlimaVest.no, og driv prosjektet framover både fagleg og økonomisk.

 

Kven søker vi etter?

Vi søkjer deg som har kjennskap til vestlandslandbruket og klimaarbeidet i næringa. Du har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg og er ikkje redd for å halde foredrag og presentasjonar. Du har evne til å motivere og byggje relasjonar med bøndene. Du må kunne arbeide sjølvstendig og levere resultat.

 

Les gjerne meir om stillinga her.