Mûller er sjølv jordbærbonde på Nøtterøy i Vestfold, så møtet med bær-og fruktprodusentar i Hardanger og Sogn gjorde inntrykk.  - Det er fantastisk å få sjå korleis dei nyttar i utgangspunktet smått, bratt og noko "håplaust" areal sett frå min ståstad til produksjon av kvalitetsprodukt, held ein engasjert Mûller fram.   - Det har også vore svært lærerikt å høyre om kva rolle dei ulike fruktlagera spelar for samarbeidet og posisjonering i høve marknaden.   Det er ikkje tvil om at kvardagen og marknaden ser svært ulik ut frå eplehagen i Vestland sett i høve til jordbærproduksjonen på min gard, seier Muller.

Bilete: Areal under bearbeiding i Ullensvang med mål om å få fleire tre i jorda

Som nyvald 1. vara og med det fast møtande i styret i Norges Bondelag er det viktig at eg klarar å sjå heilskapen i næringa.  Difor er slike turar som den eg har fått gleda av å vere med på i Vestland viktig for meg og viktig for Norges Bondelag som organisasjon avsluttar Mûller. 

Demonstrasjon av plukkeplattform i Sogn

Dei komande 14 dagane vil du finne reportasjer med ulike tema frå dei ulike gardane som Thorleif Muller vitja på Vestland Bondelag sine nettsider:

* Fruktlagera si rolle for produksjon og marknad i Vestland

* Gardsbesøk hos Sigrid Ølmheim og Endre Kleivland på Leikanger med fokus på teknologi og samarbeid mellom  fleire gardsbruk

* Gardsbesøk hos mangesyslar og unge Bonde Bjarne Engum i Arnafjorden i Vik kommune

* Gardsbesøk og fokus på konsumproduksjon og siderproduksjon i Lofthus med Magnus Opedal og Harald Alvavoll

* Gardsbesøk hos Jørund Olav Grønsnes med fokus på arrondering, teknologi, flatt og brattare enn brattast

Det er berre å følgje med.  Vi kan love dykk fine bilete og reportasjar i møte med dyktige bønder.