Dette syner ei samanstilling av tala frå Budsjettnemnda for jordbruket frå 2015 til 2021. Budsjettnemnda sine tal vart offentleggjort fredag 16. april 2021. 

Perioden 2015 til 2019 er prega av ingen auke i prisen på husdyrprodukt. Nesten 10 % nedgang i prisen på svinekjøt grunna ubalanse i marknaden, 2 % lågare pris på mjølk grunna nedgang i etterbetaling og låg auke i målpris for å styrke konkurranseevna i høve import samt auka omsetnadsavgift for å finansier utkjøpsordning.  Verst har utviklinga vore for sau og lam med om lag 20 % redusert pris i perioden 2015-2019.  Dette kombinert med ein høg kostnadsvekst gav smalhans i økonomisk utvikling i denne perioden.

Heile inntektsveksten til jordbruket i perioden 2015-2021 har i praksis kome i kjølvatnet av koronapandemien, som førte til store reduksjon i grensehandelen, auka sal, betre prisar gjennom marknadsbalanse og reduksjon i utgifter til mellom anna diesel og renter.

-  Om ein ser vekk frå den særmerkte situasjonen som koronapandemien har skapt, er inntektsutviklinga i matproduksjonen svak og altfor dårleg.   Det er ikkje økonomisk berekraftig inn i framtida, seier ein tydeleg Felde.

 

Treng reell inntektsvekst

Det må kome ein reell sterk vekst i inntektene i årets jordbruksoppgjer held Felde fram.  Spesielt har inntekta til sauebonden hatt ei svært dårleg utvikling over lenger tid.  I Vestland produserer vi knappe 20% av lamma i Norge og vi må få løfta inntekta til sauebonden i årets oppgjer.  Med respekt for dei som arbeider med å produsere maten som vi treng på bordet kvar dag må lønsemda i matproduksjonen reelt opp eit nivå i årets jordbruksoppgjer.  - Eg er også uroa for lønsemda til dei som investerer og gjer naudsynte fornyingar av driftsapparatet, seier Felde.  Dei må få att økonomi for kapitalen som dei set inn i investeringa   Innsett av mykje eige arbeid og eigenkapital må løne seg.  

Det er også viktig å sikre frukt- og bærnæringa kompensasjon for auka kostnader som følgje av koronapandemien.

Den Norske forbrukaren ynskjer å kjøpe norskprodusert mat.  Koronapandemien har gjort forbrukaren meir medviten på tydinga av norsk sjølvforsyning.  Skal vi greie å produsere meir mat i Norge basert på Norske ressursar er det avgjerande at vi tettar «inntektsgapet» mellom bonden og andre grupper, avsluttar Felde.  

Usikre tal syner koronaeffekt for landbruket

 

Budsjettnemnda

Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) er sett saman av representantar for partane i oppgjeret, det vil seie staten og bøndene. Nøytrale medlemmar frå SSB (Statistisk sentralbyrå) er og med, i tillegg til leiaren for nemnda som no er ekspedisjonssjef Knut Børve i Kunnskapsdepartementet.

Budsjettnemnda sine tal 2021