I si innleiing til årsmøtet tok Statsråd Olaug Bollestad opp følgjande tema:

Berekraft - ein måte å skildre framtida på.  Ein berekraftig måte å forvalte kloden og matproduksjonen på.  Forvaltaransvaret ligg i å forvalte ressursane som grunnlag for berekraftig matproduksjon.  Berekraftig matproduksjon må ned i praktisk politikk og forvaltning.  Å sjå saker i generasjonsperspektivet handlar også berekraft om.  Kva som ligg i berekraftig forvaltning og utvikling på den einskilde gard er også viktig.

  • Ta klima på alvor
  • Ta jordvern på alvor - utgreie eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala i landet vårt.  Viktig med godt kartgrunnlag og rapportering frå kommunane.  Kommunane bør ta jobben med å lage eigne jordvernstrategiar.  Jordvern krev kontinuerleg merksemd.
  • Vilkår for handel og kva som er naturgjeve for oss

Brexit - svært krevjande forhandlingar der Krf utgjorde ein skilnad. Ingen nye kvotar på sau, lam, storfekjøt og ost.  Avgjerande for ei berekraftig utvikling og landbruk over heile landet.  Beitebruk og grasproduksjon er avgjerande. Norge er likevel eit land i verda, så vi er avhengige av å ha varige handelsavtaler.

Dyrevelferd - ei utfordring at "stygge bilete" vert tekne, men over tid har vi dette ei forbetring.  Det er viktig med samarbeid,  for det handlar om omdømet til norsk landbruk.  Vi vil vere avhengige av å nå måla våre på dyrevelferd.  Vil presentere ei Storingsmelding om Dyrevelferd. 

8 år med mykje godt samarbeid, men også 8 år med turbulens i samarbeidet mellom regjeringa og næringa.  Det går an å diskutere som "busta fyk" på sak og likevel kome fram til konstruktive løysingar.  Det er ikkje alltid næringa får det som den vil, men gjennom dialog kjem det mange gonger gode løysingar.  Gjensidig respekt, rolleforståing og tillit er avgjerande om det skal kome konstruktive løysingar ut.  Nøkkelordet er TILLIT - det er same ordet om du les det begge vegar. 

Styremedlem Gry Ingvild Agjeld sitt spørsmål til statsråden

Lausdriftskravet for storfe er satt av stortinget, og det utløyser eit investeringsbehov på 18 til 23 mrd. fram mot 2034. Det er dokumentert at det nærast er umogeleg å gjere ei lønsam investering i fjøs for under 30 kyr. I dag diskvalifiserer vi i praksis dei små og mellomstore gardsbruka for ei framtid.

Når regjeringa og landbruksdepartementet veit at dette er ein kostnad langt høgare enn det næringa kan ta sjølv, lurer eg på kvifor landbruks- og matministeren ikkje vil prioritere ein ekstraordinær investeringspakke.

Slik at næringa kan innfri stortinget sitt krav, og samtidig oppretthalde ein framtidsretta, bærekraftig og robust mjølk- og storfekjøtproduksjon over heile landet.

 

Svar frå Bollestad

Lausdriftskravet -  viktig å skru dette mot små og mellomstore bruk.  Så veit eg at det vil vere store forventningar framover i høve til investering.  Eg ser utfordringane fram til 2034 og vil vere viljug til å legge meir pengar på bordet................  

 

Svaret var nok dessverre ikkje annleis enn forventa, så kampen for styrka investeringsverkemidlar må halde fram, seier Gry Ingvild Agjeld.