Klimakalkulatoren er et digitalt verkty for klimasmart drift på gardsnivå. Den kan brukast på PC, smarttelefon og nettbrett.

Kalkulatoren reknar ut klimagassutsleppa totalt for den einskilde gard og per produsert eining i kvar produksjon.    Den reknar  på klimagassane CO2, N2O og CH4, og summerer som CO2-ekvivalenter. Utrekninga er basert på data frå gardsdrifta og den einskilde bonde sin produksjon.  Landbrukets Dataflyt står for innhentingea av data og har hatt ansvar for utviklinga av Klimakalkulatoren.

Utviklinga av kalkulatoren vil halde fram gjennom tilbakemeldingar frå bruken av den.  I 2020 er det produksjonar innan mjølk, gris og korn som kan ta den i bruk.  Etterkvart kjem småfe, ammeku, grønt og fjørfe etter.  

I Vestland er det svært få som har kjennskap til kalkulatoren gjennom å vere testbrukarar.  Fylkesleiar Anders Felde vil få ein gjennomgang med Norsk Landbruksrådgjeving på fredag den 16.10.  for sitt bruk og sin eigedom.  Han vil då ha eit betre grunnlag for å uttale seg om kalkulatoren :)

Meir kunnskap om klimakalkulatoren finn du på desse sidene:

Klimasmart Landbruk