Lam- og sauekjøt på grillen er fantastisk godt, og her kan ein variere med å ha kotelettar, bogskiver, indrefilet, ytrefilet, oppdelte ribber osv. Med denne marinaden blir kjøtet ekstra saftig, mørt og godt.

Ingrediensar:

0,5 dl appelsinjuice

2 ss soyasaus

1 ts sennep

1 ts rosmarin

2 krm pepar

Bland alt saman, og ha det over kjøtet i ein pose. Snu og vend på posen med jamne mellomrom slik at du får fordelt marinaden jamnt over kjøtet. Du får god smak av å ha kjøtet i marinaden eit par timar, men det beste er å legge det i marinade natta over. Bruk gjerne fersk rosmarin, men tørka rosmarin fungerar veldig godt dersom du ikkje har tilgang på fersk.

Grill, la kjøtet kvile litt og server saman med det du ynskjer av tilbehør. Klassikaren er ein frisk og god salat, grilla maiskolber og heimelaga potetsalt.

 

Lykke til, håpar det smakar!