- Medan kona høgg hol i isen for å bade trivst eg godt i høgare temperatur som driftsoperatør for Radøyhallen på Manger seier leiar i Radøy Bondelag Asgeir Nøttveit.  Han var i arbeid ved terapibassenget då vi ringde han, så han sa seg godt nøgd med temperaturen.  Til liks med mange andre bønder i Vestland er han avhengig av jobben utanom bruket som inntektskjelde.  Dagane på bruket går med til å sjå etter at villsauene og buskapen med Norsk Kvit Sau (NKS) har da bra.  - I år har eg ordna meg slik at det vert sein lemming, seier Nøttveit med glimti auget.  To verar var ikkje dugande i arbeidet, så når den tredje måtte på plass vert det påskeferie dette året, men ein kort sommarferie humrar Nøttveit.  I lemminga avspaserer Nøttveit frå jobben i Radøyhallen.  No når kveldane er litt lysare ventar også opprydding av ein del rotvelter.  vert fort nokon slike i landskapet i Nordhordaland.  Nøttveit har vore leiar i Radøy Bondelag sidan 2016.  Lokallaget har 122 medlemer.  - Vi har gjennomført studeiarbeid før jordbruksforhandlingane også i år, men eg merkar på meg sjølv og yrkesbrørne at da skal bli skikkeleg kjekt å kunne møtast på ein bondepub att, avsluttar Nøttveit før nye oppdrag ventar.

Villsauene er ikkje så ville likevel, og dei får skikkeleg fart på seg når Asgeir kjem med mjølbøtta.  Nøttveit driv mykje areal på Radøy og sauene etterlet seg eit fantastisk fint landskap der dei beitar.  Kompisane av rasen Norsk Kvit Sau står inne i floren og ventar på litt meir vår i lufta.

Mjølbøtta er god å ha når beitetilsyn vert gjennomført :)

 

Kort veg frå flatt til stupbratt

I Lærdal fekk vi ein triveleg prat med leiar Njål Kaardal Golf.  Han held på å byggje opp ein buskap med Gamalnorsk Spælsau, men er også avhengig av tilleggsinntekter frå andre oppdrag, der mellom anna inntekt frå utleige av laksefiske i Lærdalselva medverkar til totalen på bruket.  Golf sit også i styret i elveeigarlaget.   I Lærdalelva har utfordringane stått i kø.  Elva vart friskmeld i 2017 etter å ha vore stengt i svært mange år grunna funn av parasitten Gyrodaktylus salaris.   Etter periode med prøvefiske og seinare ordinært fiske ynskjer no Miljødirektoratet å stenge elva for fiske i 5 år grunna låge fangsttal i gjennomsnitt dei siste 5 åra.  Dialogen med direktoratet engasjerer i desse dagar.

Kort veg frå flate bøar til steilbratte fjell i Lærdal.  Dette skapar lokalklima for dyrking av grønsaker, bær og frukt. På fjellet finn ein førsteklasses utmarksbeite.  Ein veksande jervestamme uroar både leiaren i Lærdal Bondelag og andre beitebrukarar i Indre Sogn.  DNA-analyser syner at det er urovekkande mange jervetisper som held til i grenseområda i Skjåk, Lom og Sogn.  Dette skapar utryggleik for bøndene som nyttar fantastiske utmarksområde som grunnlag for produksjon av førsteklasses lammekjøt. 

No er eg eigentleg, ærleg tala, lei digitale møte

- Eg saknar verkeleg det å kunne møtast att og pratast - ikkje berre fjes til fjes i ein firkant på pcen, men med heile oss i diskusjonar og i sosialt samver kring eit godt måltid med mat, seier Tore Sigurd Fitjar som er leiar i Fitjar Bondelag. - Når det er sagt, så deltok eg i kretsmøtet til Tine digitalt og det var eit bra møte.  Alle tok ordet, og det var sett av tid til debatt, så det kan hende vi er åt å verte profesjonelle i digitale media seier Tore Sigurd med eit smil.  - Vi som lyttar må få sleppe til, elles melder vi oss ut av møtet.  - Slike timeslange monologar er ikkje noko for meg, seier Fitjar.

Og bakom snurrar vindmøllene

For dei som lurer så er Fitjar framleis eigen kommune på Stordøya i Sunnhordaland.  Øya deler Fitjarbuen med nabokommunen Stord. Tore Sigurd og familien kan i mai feire 25 års jubileum for innflytting i mjølkefjøs med mjølkestall og lausdrift for ein buskap med 12 mjølkekyr.  Med erfaring frå mjølking sidan han var 15 år i 1978 må han seiast å vere ein røynd mjølkebonde.  I desse dagar går han og tenkjer på roboten som han etterkvart skulle ha fått inn i fjøsen, men so trivst han med mjølkestallen, so då har det vorte med tanken til denne tid.   Bak garden ligg ein av Norges største vindparkar og tett på ligg også tettstaden i kommunen, som snart må bu seg på ein periode med lukta av vår.  Så langt sør i Vestland er våren komen og det einaste som manglar no er lageleg ver før spreiinga av husdyrgjødsla kan ta til.

Snøklokkene varslar om våren på Fitjar

Kommunesamanslåing skapar høgt tal saker på høyring

- Det er ikkje berre berre å slå saman fire kommunar til ein.  Det  merkar vi i lokallaga, men eg trur også dei som jobbar i Sunnfjord kommune ser at her er det mykje jobb. Dei digitale programma og matrikkelen løyser ikkje alt seier leiar i Naustdal Bondelag Arild Herstad.  Det er ikkje vanskeleg å få dagane til å gå mellom fjøsstella med rekneskap, kretsmøte og webinar held Herstad fram.  På garden i Naustdal har familien i underkant av 20 mjølkekyr på bås og kring 40 vinterfora sauer som i desse dagar vert klipte og gjort klar for lamminga som nærmar seg.  Kalvinga er heller ikkje over så ein og anna kalven må takast imot.  Om du tek turen innom vil du også møte 2 fjordhestar som nyt noko som liknar på pensjonistlivet.

Etter fantastiske vinterdagar i januar og første halvdel av februar kan det sjå ut som våren kjem tidleg i Naustedalen også i år, men tilbakeslaga kan kome.  Som Sunnfjording så tek ein ikkje gledene på forskot.

Og snart kjem sommaren med mjølkekyr på beite i Naustdal :)