I Regjeringa si Melding nummer 13  til Stortinget (2020-2021), Klimaplan for 2021-2030, presenterer regjeringa tiltak og verkemidlar for å innfri klimamålet for ikkje-kvotepliktig sektor mot 2030. Jordbruk fell inn under denne sektoren saman med transport, avfall og bygg.

– Eg er nøgd med at avtala som landbruket har med regjeringa på klima vert lagt til grunn for arbeidet med reduksjon av utslepp frå landbruket, held Felde fram. Samstundes kjenner eg på ei uro, når eg ser kor mykje vekt regjeringa legg på å kutte betydelege utslepp gjennom verkemiddelbruk knytt til endringar i kosthald, og med det reduserte moglegheiter for å produsere kjøt på grasareala i inn- og utmark i Vestland, seier Felde. 

Ein betenkt fylkesleiar, etter at regjeringa i dag la fram Stortingsmeldinga om klima 

På side 23 i meldinga står det mellom anna følgjande når det gjeld utsleppskutt i landbruket: Tiltak og verkemiddel for å følgje opp klimarbeidet skal vi vurdere i ei årlege jordbruksforhandlingane.  Klimatiltak i jordbruket skal ikkje medføre auka subsidier.  Med andre ord så syner regjeringa svært liten vilje til å satse på økonomiske positive verkemiddel i omstillinga i landbruket.      - Eg hadde faktisk noko større forventningar til regjeringa enn det som vi fekk presentert i dag, seier ein tydeleg og noko skuffa fylkesleiar.    

På side 23 i meldinga vert det også sagt at intensjonsavtala med jordbruket ikkje kan legge bindingar på staten sin verkemiddelbruk, medan vi på side 100 les at regjeringa vil legge til grunn intensjonsavtala mellom organisasjonane i jordbruket og regjeringa for klimaarbeidet i jordbruket framover.  Slik uttrykkjer regjeringa kva dei vil når det gjeld jordbruk.

  • leggje til grunn intensjonsavtalen mellom organisasjonane i jordbruket og regjeringa for klimaarbeidet i jordbruket framover
  • at vurdering av tiltak og verkemiddel for å følgje opp klimaarbeidet i jordbruket inngår som ein naturleg del av dei årlege jordbruksforhandlingane
  • at klimaeffekten av jordbruksoppgjeret blir gjort synleg i dei årlege proposisjonane som omhandlar jordbruksavtalen
  • saman med organisasjonane i landbruket arbeide med korleis verkemidla i jordbrukspolitikken i Noreg best kan innrettast for å vareta og balansere omsyna til dei landbrukspolitiske måla med klima- og miljømål
  • intensivere arbeidet med å betre utsleppsrekneskapen for jordbruket
  • greie ut effektar og konsekvensar av ei avgift på mineralgjødsel og korleis ein slik avgift eventuelt kan innførast. Formålet med ei eventuell avgift skal vere å redusere utslepp av lystgass
  • leggje til rette for auka bruk av norske fôrressursar, irekna utmarksbeite

Vidare i meldinga vert det sett fokus på Helsedirektoratet sine kosthaldsråd, og det vert synt til ei kopling mellom sunt og klimavenleg kosthald. Dette vert då knytt opp til krav ved offentlege innkjøp av mat- og måltidstenester og kunnskapsbygging i barnehage og skule.  Matsvinn vert også omtalt i fleire punkt i meldinga.

Det vert det svært viktig å lese heile dokumentet grundig, slik at vi er trygge på alt som står der.  Sidan vil det vere trong for dialog med politikarar frå ulike parti med sikte på å kome fram til konstruktive løysingar, som ivaretek ein stor norsk matproduksjon si evne til å produsere med lågare klimaavtrykk i heile landet, avsluttar Felde.