- Det var ein fantastisk dag å få besøk på! Alelamma var nok blant det mest spennande for dei, men dei var og helste på alle dyra på garden. Det var mykje kos med dyra, leik og lunsj med vafler. Og dette var uten tvil ein dyreglad gjeng. Det var og mange spørsmål, som til dømes: kvifor kyr har så store auger? Kan eg kjøpe ei ku? Kor blir det av bæsjen? Kvifor får lamma varm melk? Veldig stas med besøk, både for oss og dei, summerar Marianne opp dagen med.