FAMILIEFARMEN
Eit resultat av koronakrisa, satt i gang av 10. klassingane Simen Aabrekk, Kristina Håvik og Hedda Hugvik frå Sandane.
Landsdekkande konkurranse inspirert av Hayday, Farmen og 4H.
Tanken var å inspirere til å dyrke sin eigen mat, uavhengig om ein bur på bygda eller i by'n.
15 familiar deltek i konkurransen om å vinne 10 000 kr sponsa av  Sogn og Fjordane Energi.

Simen Aabrekk, 15 år frå Sandane

Simen likar godt å skrive forteljingar. Han er glad i musikk og i å finne på kjekke prosjekt. Han tykkjer Familiefarmen har vore veldig kjekt å jobbe med. Ein av grunnane til dette er at dei er eit bra crew som har det veldig kjekt ilag. Det handlar i tillegg om ei god sak, der dei får vere kreative både praktisk ute i hagen, men også med filming og skriving. Simen tykkjer det er utruleg kjekt at så mange er positive og deler inspirasjonen sin med oss. Familiefarmen er ei god sak fordi vi skapar merksemd rundt norsk matproduksjon og kor viktig det er å kunne dyrke nært der vi bur, fortel Simen vidare. Det er også eit pluss at ein får lært masse og vere masse ute. Simen gler seg veldig til hausten, og til å sjå korleis det har gått med alle prosjekta. 

Kristina Håvik, 16 år Sandane

Kristina er leiar for Hauk 4H, likar godt å stå på ski, vere sosial og ikkje minst henge i lag med crewet. Dei er tre ungdommar pluss fleire vaksne som finn på mykje mora og har det veldig kjekt i lag. Ho tykkjer Familiefarmen har vore veldig lærerikt å vere med på. Som følgje av Familiefarmen få ho lært mykje forskjellig, vere med på mykje kjekt og ho har blitt flinkare til å gå ut av komfortsona som også er viktig. Kristina ser fram til hausten og korleis det har gått  med prosjekta til dei ulike familiane. 

Hedda Hugvik, 15 år Sandane

Hedda diggar å vere ute, toppturar er ein stor favoritt. Då går ho enten til fots eller på ski. Hedda bur på gard, men har aldri vore ei typsik "bondejente". Ho tykkjer Familiefarmen har vore lærerikt, og har resultert i at ho har blitt endå meir nysgjerrig på kvar maten kjem frå og kor viktig norsk matproduksjon er. Noko av det beste med prosjektet er at ho får vere i lag med gode vener og at dei saman kjem fram til gode løysingar og idear. Dei opplever samtidig mykje kjekt saman. Hedda fortel vidare at dei har gjort seg mange erfaringar undervegs, og at dei sit igjen med mykje meir kunnskap enn i byrjinga av prosjektet. Det er ekstra kjekt å sjå at folk engasjerar seg og blir inspirert av det dei held på med.