I følgje Melding til Stortinget nummer 9 skal den landbaserte matproduksjonen auke i takt med folketalet. Folketalet i Hordaland er estimert til å auke med 9,9 prosent innan 2020. Det inneber at vi må produsere meir mat dei neste åra. Kan landbruket i Hordaland nå produksjonsmålet, og kva er utfordringane? NILF inviterte ulike aktørar til diskusjon.

På talelista sto Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag, Torbjørn Haukås, seniorrådgjevar i NILF, Karl Oddvar Vie, spesialrådgjevar på storfe i Nortura Førde, Karsten Valland som snakka for TINE og Liv Lyngstad, dagleg leiar i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Utfordring: Brattledt terrengEtter innlegga vart det diskusjon, der mellom anna Fylkesmann Lars Sponheim deltok.

Innleiarane var stort sett einige om at det er potensiale for å auke produksjonen i Hordaland, men at det er mange utfordringar. Små bruk med lite areal, mykje leigejord, små avlingar, terreng, jordsmonn og klima er nokre av problema bonden møter i kvardagen. Det er også trong til fornyingar av bygningar og driftsapparat, då desse kan vere umoderne og tungvinte. Når ein står ovafor valet om å investere og drive vidare eller ikkje, kan tilgong til betre lønna arbeid, til dømes offshore, føre til at mange vel å leggje ned drifta.

Tine meiner det er stort potensiale for å auke produksjonen per ku for å fylle kvotene, medan Karl Oddvar Vie frå Nortura slo fast at ”Vi har for lite kjøt og for mykje kulturlandskap”. Han meiner det er rom for auke sau- og storfeproduksjonane. Det er eit stort nasjonalt underskot på storfekjøt og det er i ferd med å verte for lite lammekjøt. Desse dyra lever også hovudsakeleg på ressursar vi har nok av, det vil seie grovfôr og beite.Potensial for høgare mjølkeproduksjon?

Torbjørn Haukås viste utvikling for Hordalandslandbruket dei siste åra. Han meiner det er mogeleg å auke produksjonen både for mjølk, storfekjøt, lammekjøt og frukt. Han streka under at distriktsvirkemidla er særs viktige for bøndene i Hordaland, og at lønsemda framleis er ei utfordring.

Det kan vere vanskeleg for dei som vil satse på landbruksnæringa å få kjøpt eller leigd gard, sa Liv Lyngstad frå Landbruksrådgivinga i sitt innlegg. Ho viste til at det er fleire enn før som er interessert i å verte bønder, også på mindre bruk. Kunnskap kan gje betre avlingar, og Landbruksrådgivinga har både strategisk rådgiving for unge bønder og prosjektet Grovfôr i pluss. Dei har tett oppfølging av bønder for å hjelpe dei til høgast mogeleg produksjon og dermed betre lønnsemd på garden. Det er viktig å fokusere på dette for å sikre rekruttering, sa Liv.Frøydis Haugen og Liv Lyngstad

Som bonde kunne Frøydis Haugen sjå at potensialet for auka produksjon såg flott ut på papiret, men at det ikkje alltid var like lett å gjennomføre i praksis. Som administrerande direktør på eigen gard må ein ta omsyn til ressursar, kunnskap og interesser i tillegg til økonomi. Utfordringane er låg inntekt og høge kostnadar samstundes som bonden skal auke matproduksjonen og skape fellesgodar.

Ho etterlyste meir engasjement hos politikarane for verdsetting av lokal verdiskaping og sysselsetting, og stilte spørsmålet: Kva er viktigast; sysselsetting og verdiskaping i heile landet, eller avkastning på aksjekapitalen? Ho nemnte Ukraina-krisen som eit eksempel på kor viktig det er med matvareberedskap og matproduksjon i Noreg.