Onsdag 6. oktober klokka 20.00 på Teams
Torsdag 7. oktober klokka 20.00 på Teams

Kurset varar 1 til 1,5 time.

Kursleiar er Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret

 

Grunnlaget for eit godt lokallag er eit godt styre, og valnemnda har den viktige oppgåva å finne tillitsvalde.

Målet med kurset er å fremje viktigheita av arbeidet i valnemnda, gje tips om korleis ein skal arbeide og kva som er viktig å leggje vekt på. Mange har kanskje vore med i valnemnda før, men det kan likevel vere nyttig å setje av ein time til litt påfyll.

Det er høve for heile styret å delta, det kan vere greitt å vite litt om valnemndsarbeidet.

 

Påmelding

Vi ser at vi ikkje har oppdaterte lister over alle medlemene i valnemndene, så vi ber om at de sender e-posten vidare til valnemnda dykkar dersom dei ikkje har fått den.

Påmelding til vestland@bondelaget.no innan 5. oktober. Skriv kva for lokallag du representerer, e-postadresse og kva for dag du vil delta.