Landbruket sin klimakalkulator skal vise at norsk matproduksjon kan verte meir klimavenleg gjennom tiltak som kjem frå landbruket sjølv. Landbruket sin klimaplan legg vekt på at det er mogeleg å nå klimamåla utan redusert bruk av norsk matjord, svekka distrikt og færre dyr på beite.

Klimakalkulatoren vart lansert for mjølk, korn og gris i oktober. Kalkulator for dei andre produksjonane kjem etterkvart. Det er også mogeleg å ta i bruk klimakalkulatoren utan å delta delta på kurs. 

I Vestland vil vi starte med kurs for mjølkebønder. Heile landbruksnæringa står saman bak kalkulatoren, og arbeidet med dei første kursa er eit samarbeid mellom Tine, Bondelaget og NLR Vest.

Denne veka hadde produsentlaga og lokallaga planleggingsmøte på Teams for å finne den beste møteforma for kurset på Voss. Dei vart einige om at kurset skal ha fysisk deltaking (når det er mogeleg) og vere praktisk retta. For at alle skal kunne delta, vil det verte eit kurs på dagtid og eit på kveldstid. Klimarådgjevarar Jan Asle Torstad frå Tine og Helena Elvatun frå Norsk Landbruksrådgiving Vest vil vere kursleiarar. 

Dato: tysdag 16. februar klokka 12-15 og klokka 19-22.

Les meir om klimakalkulatoren på klimasmartlandbruk.no.

Foto Frida Meyer