Det var ikkje så enkelt å arrangere kurs midt i pandemien, men i mars fekk vi endeleg gjennomført på Voss. Begge klimarådgjevarane har heldigvis kontor på Voss, og vi hadde eit kurs på føremiddagen og eit på kvelden for å overhalde reglane om maks 10 personar. Dei tilsette i Vestland Bondelag haldt seg heime, medan Gry Ingvild Agjeld frå fylkesstyret deltok på Teams.

Deltakarane fekk grundig innføring i klimakalkulatoren, og alle fekk logga seg på. Det vart gode diskusjonar i gruppene.

- Gjennomføring av kursa gjekk greit og det tekniske fungerte bra, seier klimarådgjevar Helena Elvatun. - Dei bøndene vi har hatt på kurs syntest at klimakalkulatoren kunne vore interessant, men at den må bli betre før dei kan få nytte av den. Dei syntest at datadeling var positivt, og håpa det ville fortsetje.

Etter kurset vart det spelt inn forslag til endringar til kalkulatoren, og mykje er allereie under utbetring. Vi vil jobbe med å utvikle kurset til å verte meir matnyttig for deltakarane. Nye kurs kjem truleg etter sommarferien.