Kulturlandskapspris til Kvemmadokkje
Johan Børsheim og Toril Lunde Børsheim fekk Kulturlandskapsprisen for arbeidet med å gjere om ein husmannsplass til ny næring knytt til reiseliv, selskap, servering og kulturformidling.
Prisen på 50.000 kroner delast ut til nokon som har gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet. Temaet i år var ny bruk av ledige landbruksbygg, og ekteparet Børsheim fyller krava i fullt monn.
På husmannsplassen Kvemmadokkje tek dei imot gjester på overnatting, matservering og historieforteljing. Dei skipar også til større konsertar og framsyningar. Stjerner som Aleksander Rybak med Frikar, Arja Saijonmaa, Nordic Tenors og Leif Ove Andsnes har alle opptrått på garden.
Fylkesmannen i Hordaland står bak prisen, med mellom anna Hordaland Bondelag i juryen. Fylkesleiar Frøydis Haugen gratulerte prisvinnarane og overrekte boka
”Stolte øyeblikk i landbruket”.
Du kan lese meir om Kvemmadokkje på heimesida.
Her finn du også kontaktopplysningar for utleige og arrangement.
Sjå også bileteserie frå konsertar og framsyninger i Avisa Hordaland.