LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- I Rogaland ser vi at enkelte veksthus allereie er i ferd med å stoppe produksjonen.

Det seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Felde fortel at fleire tel på knappane, og vurderer å stoppe produksjonen på mellom anna tomat, agurk og blomster.

Dette grunna høge straumprisar,  og at det ikkje lønner seg å produsere.

- Ein har utfordra matkjedene på høgare pris for varene, utan at dei har kome næringa i møte.

Fylkesleiaren seier at det er avgjerande at det kjem på plass ei ordning raskt.

- Dette vil ikkje utgjere det store pengebeløpet, produksjonen kjem til å stoppe opp om det ikkje kjem ei ordning på plass før jordbruksoppgjeret. Her forventar vi at regjeringa kjem næringa i møte.

 

Økonomien i landbruket

- Kompensasjonen av straumutgifter retta mot husstandar er bra. No har Bondelaget også fått ei avklaring om at straumpakken for hushaldningar også gjeld bustadhus på gardsbruk.

Det er Felde veldig glad for.

-Det har vore uavklart om bustadhus på gardsbruk var inkludert i ordninga, då ordninga ikkje gjaldt abonnement på organisasjonsnummer.

Sjølv om Felde set pris på avklaringa, er han likevel uroa for økonomien i landbruket framover.

- Eg håpar dei fleste har bestilt kunstgjødsel, for dei som bestiller no får prisar som er langt høgare enn det tilleggsforhandlingane tok utgangspunkt i. Økonomien i landbruket er svært utfordrande og for mange nærmar deg seg «bristepunktet» avsluttar Felde