Kjølsdalen Bondelag gjennomførte sitt årsmøte i starten av desmeber og har no fått eit styre sett saman av ein flott miks med yngre styremedlemer og ein svært erfaren og dyktig nestleiar i Kåre Aardal.    - Rett og slett ein flott gjeng seier Bjørn Aardal.   Sjølv er han svært gald for at Kristian takka ja til å ta på seg leiarvervet.  No er det opp til oss andre å støtte han og vere positiove til det arbeidet som styret skal gjere gjennom å delta på aktivitet og engasjere oss.

Styret saman med avtroppande leiar.  Frå venstre ny leiar Kristian Aardal, Frode Kjøllesdal, Bjørn Aardal, Stig Arne Bugjerde Kåre Aardal og1. vara til styret Ronny Follevåg Leite

Styremedlem Gry Ingvild Agjeld representerte fylkeslaget i møtet.  Ho har sendt oss følgjande tilbakemelding:

Møtet som vart skipa til den 2. desember er det første felles møte etter Kjølsdalen og Bryggja slo seg saman. Bryggja Bondelag vart lagt ned, og medlemane vart overførte til Kjølsdalen Bondelag.   Leiar Bjørn Aardal opna møte og ynskte velkomen til det første felles årsmøtet etter at bondelaga i Kjølsdalen og Bryggja slo seg saman. Så vart vi bedne til flott dekte bord, og fekk servert nydeleg julematbuffet.

Trass i at nokon aktivitetar vart avlyst grunna Covid 19 har laget fått gjennomført noko aktivitet i 2021.   Anne Lise Heggheim gjorde strålande innsats for bygda og for næringa ved å følgje traktorkolonna i samband med brotet i jordbruksforhandlingane, heilt til Lærdal. Det har vore plastinnsamling og metallinnsamling. Og våren 2020 var det politikardag hos Janne og Kåre Aaral, heile formannskapet var med på omvisning i nye fjøsen, kraftverket og Årdal Rivefabrikk. Leiar Bjørn Aardal har delteke på Fylkesårsmøte og leiarsamling.

Arbeidsplanen viser at mange kjekke aktiviteter som står for tur. Det er planar om studiering i samband med jordbruksforhandlingane, grillkveld til våren, ein temadag kring nye krav til oppstalling av storfe, motorsagkurs og ein skogdag.

Godt humør og nydeleg mat på årsmøtet til Kjølsdalen Bondelag

Opptekne av landbruksplasten

Innkomen sak til årsmøtet var plastinnsamling og kva bondelaget eventuelt skal gjera i denne saka. Plasten blir ikkje lengre henta fraktfritt. Slik det er no kan ein levere gratis på miljøstasjonen, men må då frakte det dit sjølve. Eventuelt bestille container, og betale for frakt ved henting. Årsmøtet ville ikkje pålegge nytt styre noko i samband med dette, men tykte at dette var ei sak styret kunne arbeide vidare med for å finne ut om bondelaget skal ha noko rolle i samband med plastinnsamling/-levering.

Gry Agjeld gjekk gjennom aktuelle saker frå fylkeslaget i arbeidsåret 2021. Saker som fylkeslaget vil arbeide vidare med i 2022, og mot årets jordbruksforhandlingar.  Ho ynskte også den nye leiaren og det nye styret lukke til med viktig arbeid.