LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Det hastar for regjeringa å få på plass ei ordning som reduserer straumrekninga til bøndene.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Ein bør ta utgangspunkt i den ordninga som er laga for hushaldningane, men ein må auke taket på forbruket frå 5000 kwh til hushaldningane til 20 000 kwh til landbruket.

Fylkesleiaren fortel at kompensasjonsgrada må løftast frå 55% til hushaldningane til 75% for landbruket.

- Ordninga må også ha tilbakeverkande kraft slik at ein får kompensert straumutgiftene frå november månad.

 

Opplever høge straumprisar

- Mange bønder i områder med høg straumpris, opplever no straumrekningar som er 2,5-3 gangar høgare enn normalen.

Den høge kostnadsveksten på kunstgjødsel, kraftfôr, straum og andre innsatsfaktorar gjer at matforsyninga kan stå i fare i den komande vekstsesongen, dersom norske bønder ikkje får kompensert kostnadsveksten raskt.

- Svak lønsemd over tid har ført til at bonden ikkje lenger har ein økonomisk buffer i drifta, og det gjer kostnadsveksten ekstra utfordrande avsluttar Felde.