Det er summen av tiltak, og samarbeidet mellom dei som skal utøve tiltaka som er avgjerande sa mellom anna Øi.   Sjukdommen CWD vart påvisst i Nordfjella i 2016.  Dette har medført mange dramatiske og kraftfulle tiltak med mål om å halde sjukdommen i sjakk.  No er sjukdomen også påvist på Hardangervidda.  Erfaringane frå arbeidet kring Nordfjella vil vere viktige i drøftingane kring tiltaka på Hardangervidda.  Å redusere bestanden av hjortevilt i kringliggande område vil fort bli eit tiltak.  No vert tiltaka drøfta administrativt i Miljødirektoratet og hos Mattilsynet.  Dei har i oppgåve å levere rapport med tilrådingar til departementa i løpet av våren.  Sidan vert det opp til departementet og Stortinget å vedta kva tiltak som skal setjast i verk på og kring Hardangervidda.  Viltforvaltaren i Lærdal rådde til å få klarlagt dei uiike tiltaka rast då iverksetjing ikkje kjem av seg sjølv, men må grundig førebuast og skapast forståing for hos dei ulike aktørane med interessser i området.

Erfaringar frå Indre Sogn

Øi fortalde om følgjande tiltak som hadde vore gjennomført  i områda kring Nordfjella:

Verkemiddel som har vore tilgjengelege i området kring Nordfjella

Resultat av utvida jakttid.  Fellinga i januar har i stor grad vore nytta til forvaltningsjakt med uttak av kalv og ungdyr.

I desse dagar vert det jobba med ei spørjeundersøking til aktørar kring Nordfjella.  Kva har fungert og kva har ikkje fungert.  Resultatet er tenkt nytta i det vidare arbeidet med viltforvaltninga. 

Godt digitalt humør, f.v. Knut Fredrik Øi og Johan Trygve Solheim

Det kom eit paradigmeskifte med den positive CWD prøven i 2016 seier leiar for Norsk Hjortesenter Johan Trygve Solheim.  Fokuset på lågare bestand med friskare dyr vert viktig framover for alle som jobbar med vilt og viltforvaltning.  Ikkje berre kring fjellområde med påvist CWD, men i alle område der hjorteviltet lever.

Kring 100 deltakarar, fleirtalet offentleg tilsette, var med på webinaret onsdag før lunsj der fokuset var offentleg forvaltning.

Klar for ny dag med viltwebinar.  Foto: Hanne Lisbeth Nybø