Koronapandemien har ført til at dei tradisjonelle skinnauksjonane i Finland og Danmark, som samlar kjøparar frå heile verda er avlyste.  Forsøk med nettauksjonar har gjeve labert resultat og dette medfører at likviditetssituasjonen for pelsdyrhaldarar nærmar seg dramtisk.  - Utan inntekt i 2020 og med løpande kostnader til mellom anna fòr og dyrlegebesøk seier det seg sjølv at dette kan bli dramatisk held Gjengedal fram.

Styremedlem Nils Magne Gjengedal var sjølv pelsdyrprodusent i mange år og har elles jobba med inseminering av pelsdyr i svært mange år, slik har han god kjennskap til næringa og alle dei utfordringane næringa har hatt og framleis har.

Sett frå Sogn og Fjordane Bondelag si side er det viktig at depratementet tek saka til pelsdyrhaldarane på alvor.  - Stortinget har vedteke å legge ned næringa innan 2025.  Dei må ta sitt ansvar for å sikre at avviklinga kan skje på ein ansvarsfull måte, og ikkje på det viset som vi ser no der familiar vert sett i ein svær svært vanskeleg situasjon med avviklingsprosess, løpande kostnader og manglande inntening med utgangspunkt i restriksjonane som koronasituasjonen skapar.   - Vi støttar fullt opp om Pelsdyralslaget sitt krav om tilskot til produksjon av perlsdyrfòr, held styremedlem Nils Magne Gjengedal fram.  - Når fleire sluttar, så vert det vanskelegare og vanskelegare å oppretthalde infrastrukturen.  - Det vert utan realitet å snakke om ei overgangsordning til 2025 slik situasjonen er no seier Gjengedal.   Vi må kunne forvente at Stortinget legg til rette for at ei avvikling kan skje på naturleg tid på året.  Det vil seie seint om hausten, og ikkje no midtsommars grunna korona med konsekvens akutt dårleg likviditet.   Stortinget må medverke til at også pelsdyr kjem inn under ein av dei mange krisepakkane, avsluttar Gjengedal.