VETERINÆR I HØYANGER KOMMUNE: Eldfrid Førde.

 

- Eg er glad for at eg jobbar med produksjonsdyr, og at produksjonen går sin gang.

Det fortel Eldfrid Førde. Ho er veterinær i Høyanger kommune, og for tida jobbar ho på sørsida i kommunen.

- Kommunen er delt i to av Sognefjorden. Sidan kommunen har to veterinærar har me delt oss slik at eg tek oppdraga på sørsida, medan kollegaen min jobbar på nordsida. Dette har me gjort no i 14 dagar, og er eit smitteverntiltak i koronasituasjonen.

Ho forklarar at det er viktig å ta førehandsreglar.

- I tillegg må bonden legge til rette for at me kan gjere jobben mest mogeleg åleine, eventuelt halde god avstand.

 

Ikkje lenge til lamminga startar

- Akkurat no er det mykje vaksinering av sau, seier Førde.

Det er ein jobb som ho ordnar åleine. Ho fortel at det er verre om det er snakk om fødselshjelp til kalving for eksempel.

-Her hjå oss er det ikkje sesong for det no, men skulle det skje og eg treng hjelp må eg ta førehandsreglar. Då må eg spørje om bonden er frisk, dersom han er sjuk må eg finne nokon andre som kan hjelpe til.

Førde fortel at akkurat no er det ikkje veldig travelt, men at det vil ta seg opp når lamminga startar om ikkje lenge.

- Då blir det meir å gjere. Worst case scenario er at bonden eller veterinær blir sjuke då. Det kan ikkje skje.

 

Hjula må gå rundt

- I jobben min kan eg ikkje utsette ting for lenge.

Ho fortel at det er viktig at hjula går rundt, og at ho får gjort jobben sin.

- Eg opplever at bønder er flinke til å ta førehandsreglar, og at dei legg godt til rette for oss.