-Utanlandske arbeidarar er ryggrada i arbeidskrafta,  som mange produsentar er avhengige av, seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Kari Sigrun Lysne.   - Vi kan supplere med norsk arbeidskraft som er motiverte og verkeleg vil arbeide i hagane våre, men dagens innreiserestriksjonar skapar uro og grubling hos mange produsentar, held Lysne fram.   Vestland Bondelag hadde møte med NAV den 9. mars og dialogen med NAV vil verte følgd opp.  Det er ei utfordring at det i områda med stor grøntproduksjon i Vestland er få arbeidsledige.  Dei fleste er permitterte frå reiselivet, og det er å forvente at dei tek til i arbeid for sin noverande arbeidsgjevar når turismen tek seg opp til sommaren.  - Vi ynskjer å rekruttere fleire norske til næringa, men då må arbeidaren vere motivert for å jobbe ute i all slags ver, seier Lysne.

I Vestland er den samla trongen for sesongarbeidskraft på kring 2000 personar innan grøntnæringa.  Då snakkar vi både i hagane og på pakkeria våre, seier Lysne.   Størst er trongen ii månadane juni, juli, august og september.    I tillegg er det fleire husdyrprodusentar som også nyttar utanlandsk arbeidskraft i sommarhalvåret og nokon heile året.  

 

 

Stengde grenser og unntak på visse strenge vilkår for tilsette i matproduksjon

Grensene inn til Norge er grunna korona tilnærma stengt.  Matvareproduksjon er definert som ein samfunnskritisk funksjon.  Husdyrproduksjon og grøntproduksjon er spesifikt nevnt. Men det er ikkje tilstrekkeleg å vere definert mellom desse gruppene for at din utenlandske arbeidar skal få komme inn i landet –

  1. Aktuell arbeidstakar må i tillegg vere strengt virksomhetskritisk for din gårdsdrift
  2. Du som arbeidsgjevar må dokumentere at alternative løysingar for arbeidskraft er utprøvd og at arbeidet ikkje kan utførat digitalt

Les UDIs unntaksbestemmelse her

Nødvendig dokumentasjon for å få unntak

UDI opplyser på sine sider at dei ikkje gjev førehandsgodkjenning eller vurdering av din dokumentasjon. Det er arbeidsgjevar som må sørge for at arbeidstakar har denne dokumentasjonen når han kjem til grensa til Norge og grensepolitiet avgjer om vedkommande skal sleppast inn.

På regjeringen.no finn du eit skjema som kan vere til hjelp for å oppfylle dokumentasjonskravet.

Dokumentasjonsordning via Landbruksdirektoratet 

NB!  Det har no synt seg at det må gjerast nokon juridiske vurderingar knytt til denne ordninga slik at den dessverre ikkje er oppe og går endå.  Dette svaret fekk dei som prøvde å søke i går

Vi viser til innsendt skjema hvor det bes om dokumentasjon av behov for utenlandsk arbeidskraft i ditt foretak. Da det har oppstått behov for noen avklaringen knyttet til regelverket, har Landbruksdirektoratet dessverre ikke mulighet til å starte saksbehandlingen på nåværende tidspunkt. Det jobbes med å få dette på plass så fort som mulig. I den forbindelse er det sannsynlig at det vil bli behov for innhenting av noen flere opplysninger enn det som fremkommer av innsendt skjema.    Landbruksdirektoratet beklager ulempene dette medfører, og vil komme tilbake med mer informasjon så fort vi har fått en avklaring.    Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt på e-post dokumentasjonsordning@ldir.no eller på telefon 78 60 60 00

Du må legge ved dokumentasjon med gode argument for å kunne få inn akkurat dine arbeidarar. Det kan  til dømes dokumenterast på følgjande vis:

  • ei svært detaljert arbeidsskildring som syner at dette er spesialiserte arbeidsoppgåver
  • har dykkar arbeidskraft utdanning innan faget er det ein stor fordel å dokumentere dette (agronom eller tilsvarande)
  • ein dokumentasjon på at de har lyst ut stillingane på NAV utan at de har fått tilsett nokon eller frå landbrukstenestene om at dei ikkje har arbeidskraft å tilby
  • forsøk å få ein dokumentasjon frå landbruksrådgjevinga/landbrukskontoret på at denne arbeidskrafta er heilt nødvendig om de framleis skal kunne drive garden

Annan dokumentasjon

I tillegg må du som arbeidsgjevar sørge for at arbeidstakar kan vise fram

Innreiseregistrering

Alle personer, også norske statsborgarar, som reiser til Norge frå eit land eller område med karanteneplikt skal fylle ut skjema for innreiseregistrering før innreise til Norge, og reisa kan kun registrerast når det er mindre enn 72 timar til innreisetidspunkt. Innreiseregistrering kan skje digitalt eller de kan ringe +47 33 41 28 70 for å få hjelp til å registrere seg.

Smittevern når arbeidstakar har kome inn

Hugs også at du som arbeidsgjevar har ansvaret for smittevern og at drift skjer i samsvar med gjeldande lover og regelverk.  Det betyr at når du endeleg har fått inn naudsynt arbeidskraft må du sørge for at tilsette får nødvendig informasjon og opplæring. Her syner vi til Smittevernveilederen for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet som kan lastast ned hos Mattilsynet.

Mer informasjon finn de her: https://www.bondelaget.no/tema/koronaviruset/

Om de elles har spørsmål/synspunkt/innspel/konkrete døme i saker kan de ta kontakt med:

  • Leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne; 908 58 191
  • Sakshandsamar på tema i Vestland Bondelag Merete Støfring, 959 47437