Bondelaget ynsker ikkje at konsesjonslova vert oppheva. I staden ynskjer Bondelaget ein heilskapeleg gjennomgang av eigedomsregelverket med sikt på forbetringar.

 

Konsesjonslova

Konsesjonslova skal mellom anna sikre effektivt vern av landbruket sine produksjonsareal,  eigar- og bruksforhold som er tenelege for samfunnet, ei forsvarleg prisutvikling  og busetting gjennom buplikt for landbrukseigedom. 

Ei oppheving av konsesjonslova medfører blandt anna at styresmaktene mister mogelegheitene til å styre omsetninga av produksjonsareal og buplikt. Buplikta er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel og gardsbruk kan verta påverka negativt dersom ein avviklar den.

 

Høyringsfrist til departement er 15.januar 2015.

 

Her kan du lese meir:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/horinger/horingsdokumenter/2014/Horing--Forslag-om-a-oppheve-konsesjonsloven-og-boplikten.html?regj_oss=1&id=771812