Høyres Studenter Bergen arrangerer mandag 11. nov. ein debatt om landbrukspolitikk. Debattpanelet var samansett av Ove Trellevik Stortingsrepresentant frå Høyre og medlem i næringskommiteen, Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag og Rolf Brunstad professor ved NHH.

Debatten berørte mange  problemstillingar innan landbrukspolitikk, og frå salen vart det stilt mange og reflekterte spørsmål. Som avrunding presiserte Haugen at bøndene var førebudd på at det ville bli endringar i landbrukspolitikken men ho hadde samstundes ei klar oppfordring om at den må vere kunnskapsbasert.