Olav KobbeltveitDag ein av leiarmøtet var via til kommunikasjon og korleis møte ei ny regjering. Sjølv om bøndene er skeptiske, var det ingen dommedagsstemning på møtet. Det kom fram mange gode råd og oppmodingar til å stå saman og spreie bodskapen om kor viktig landbruket er.

Kommentator Olav Kobbeltveit og generalsekretær i Norges Bondelag Per Skorge snakka om den nye kvardagen med ein blåblå regjering. Åse Vaag hadde eit entusiastisk innlegg for Fylkesmannen si landbruksavdeling, som vart godt motteke i forsamlinga.

Bøndene og bondelaget har mykje vi vil seie, men kva er beste måte å få det ut på? Er det facebook, nettstad eller blogg? Og korleis skal vi seie det så folk flest forstår? Kommunikasjonssjef i Norges Bondelag, Lise Boeck Jakobsen, ga oss gode råd i sitt innlegg.

Møtet vart avslutta med "Refleksjoner over livets sårbarhet" med forfattar Svein Olav Nordlien. I morgon held møtet fram.

Styra i Hordaland og i Sogn og Fjordane Bondelag

Deltakarar på leiarmøte

Forfattar Svein Olav Nordlien

Utsikt frå Ullensvang Hotel