Seniorrådgjevar Randi Erdal hjå Fylkesmannen i Vestland, orienterte om organisert beitebruk på fagdag sau, fredag 10.januar på Thon Hotel Jølster. Fagdagen vart arrangert av Fylkesmannen i Vestland, Nortura og Sogn og Fjordane Sau og Geit.

Erdal kom med skryt til beite- og sankelaga i fylket vårt. - Det er mange søknadar som kjem inn for mange, flotte tiltak, og folket er på. Det er alltid kjekt å jobbe i lag med beitelaga, skryt Erdal. Tiltaka det har blitt gitt støtte til har vore ulike typar sporingsutstyr, bruer, sankekvie, skiljeanlegg og No Fence. 

Frå 2020 er det kommunane som har ansvar for ordninga. Regelverket er som tidlegare, einaste skilnaden er at søknaden skal til kommuane og at Fylkesmannen blir klageinstans. Dersom ein har dyr som beitar i ein annan kommune enn der ein har bustadadresse, skal det søkast til kommunen der dyra beitar. Søknaden skal helst leverast elektronisk men det er òg mogleg å levere i papirform, les meir HER.

- Vestland er ein stor og viktig beiteregion! Over 200 beitelag og meir enn 400 000 dyr er ute i marka på beite. Heile 90% av bruka i Sogn og Fjordane er med i beitelag, forklarar Erdal. I tida framover kjem det til å bli jobba meir med kunnskapsbygging og å få fram verdien av utmarka, gjerne sett opp mot klimadebatten. Det vil bli jobba med kunnskapsbygging både hjå Fylkesmannen men òg ute blant bøndene, og her ynskjer Fylkesmannen at ein kjem med innspel på kva Fylkesmannen kan bidra med.

Erdal orienterte om lammetap på beite, og i Sogn og Fjordane ligg tala under landsgjennomsnittet. Tapstala har vore nokelunde stabile, men ein fekk ein stor oppgang i 2014 som følgje av tap til jerv og ulv. Etter 2014 gjekk tapstala nedatt, men ein kan sjå ein oppgang i 2018 og 2019.

Fylkesmannen har no publisert endelege tal for beitesesongen 2019. For dei fleste beitelaga var beitesesongen 2019 ein normal sesong, men fleire områder kunne ein melde om tidleg beiteslepp som fylgje av mild vinter og tidleg vår. I forhold til rovdyrerstatning var det ein auke i søknad om erstatning i 2019 samanlikna med 2018. Jerv i Luster og ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger, er dei rovdyra som har gjort mest skade i fylket vårt, i tillegg til kongeørn.

Randi Erdal med statistikk tapstal i Sogn og Fjordane samanlikna med landsgjennomsnittet.