Kommunane avgjerande for utvikling av landbruket
- Vi set stor pris på det arbeidet som kommunane gjer for landbruksnæringa i fylket vårt, skriv fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld i eit brev til kommunane i Vestland. Vi registrer samstundes at ulikskapane mellom kommunane sin administrasjon er stor når det gjeld kompetanse innan landbruk.
I brevet peikar fylkesleiaren innleiingsvis peike på kor viktig det er at kommunane har tilsette med kompetanse på landbruk og utmarksnæringar. Det er heilt avgjerande for at kommunane i si sakshandsaming skal kunne forstå landbruksnæringa sine behov. Det er også avgjerande for å kunne legge til rette for ei positiv utvikling for næringa.
Brevet syner at kommunane har ansvar i ei heil rekke av saker som er viktige for næringa. Tema som vert tekne opp i brevet er:
- Kommunale vegar
- Veterinærdekning
- Husdyrsjukdommar og smittevern - når bonden opplever ei krise
- Eigne verkemiddel som stimulerer til utvikling og investering i næringa
- Arealplan og Jordvern
- Konsesjonshandsaming og praktisering av bu- og driveplikt
- Viltforvaltning - Både hjort og gås
- Beitebruk, bandtvang og gjerdehald
- Innbyding til dialog
HER kan du lese heile brevet som vart sendt til kommunane den 12. september.