På eit arrangement i Bygstad i Sunnfjord den 25. mai presenterte Transportøkonomisk Institutt konklusjonane i eit oppdrag dei har utført på oppdrag frå Kystskogbruket.   Dei har gjennomført ein studie av flaskehalsane for tømmertrtansport på kommunale vegar i Vestland og Rogaland.   Fylkesleiar Anders Felde representerte Vestland Bondelag i møtet.  

I dag er mange av dei kommunale vegane i Vestland berre godkjend for å køyre enkel tømmerbil utan hengar.  Det medfører ein stor grad av kipping.  Det vil seie at tømmeret må køyrast ut i fleire omgongar og lessast om til større køyrety der vegen tillet det.  Dette kostar både tid og kroner i høve til andre område der bil og hengar kan lessast full rett frå skogen,  Det svekkar økonomien i skogsdrift i Vestland.  Ei oppgradering av vegar der det skal fraktast mykje tømmer i åra som kjem vil medverke til ein meir kostnadseffektiv tømmertransport i Vestland. 

Heile rapporten kan du lese her.   

Klassifisering av kommunale vegar er også i mange høve ei utfordring for transport av kraftfor, andre innsatsfaktorar og mjølk og kjøt.  Tillaten aksellast og vogntoglengde er ikkje tilpassa den utviklinga vi ser i transportbransjen med stadig lenger og tyngre køyrety som skal kunne ta større volum med i lasta.