Kom med innspel til høyringa om ny jordbruksavtale
Vil oppfordre lokale bondelag, medlemmer i bondelaget og andre med basis i landbruksnæringa å kome med innspel til Sogn og Fjordane Bondelag sitt arbeid med å forme høyringsuttale framfor jordbrukstingingane 2014/15
I dagens mediesamfunn er det enklare enn før for medlemmer, lokallag og andre å kommunisere med Sogn og Fjordane Bondelag, om mellom anna vårt fylke sitt krav til jordbrukstingingane, og vi vil oppfordre til engasjement frå dykk i denne saka.
Det ligg bakgrunnstoff om jordbrukstingingane i form av eit studiehefte på Norges Bondelag si heimeside. Denne infoen finn de ved å klikke på www.bondelaget.no og deretter klikke på: FOR LOKLLAGA OG TILLITVALDE
Innspel til Sogn og Fjordane Bondelag si fråsegn om jordbruksavtalen 2014/15 til Norges Bondelag kan sendast via e-post til: sogn.fjordane@bondelaget.no eller til Bondelagets Servicekontor, avd. Sogn og Fjordane, Hafstadvegen 21. 6800 Førde innan måndag 24. februar.