Leif Arne har innlegg på produsentlagsmøte i LusterSpydspissbøndene er ein del av eit bondelagsprosjekt som er støtta av Gjensidige og Bondelagets berekraftfond. Hausten 2021 starta Bondelaget arbeidet med å rekruttere bønder frå heile landet og alle produksjonar. Bondelaget tillbyr opplæring og møter der dei kan halde seg oppdatert. 

I Vestland har vi tre spydspissbønder. Vi har ikkje så stor variasjon innan produksjonar, så det er absolutt plass til fleire.Turid Haga Vange frå Vik i Sogn er heilt ny og deltok på sitt første møte for spydspissbønder denne veka. Turid har god erfaring som økologisk inspirasjonsbonde, og har økologisk mjølke- og kjøtproduksjon på Vange gard. Her kan du lese meir om Turid og Vange gard; Økologiske inspirasjonsbønder i Vestland.

Leif Arne Lirhus frå Myrkdalen driv med mjølk og storfe. - Å drive meir miljøvenleg er viktig for næringa. Alternativet er kjøtkutt og Co2-avgift om ikkje me klarer å dokumentere at utsleppa er reduserte, seier han. Her kan du lese meir om Leif Arne og klimatiltak: Felles klimaverktøy for ei samla landbruksnæring

Geir Støfring frå Vassenden har også mjølk og storfe. Alle spydspissbøndene er opptatt av god agronomi, og her kan du høyre litt om kva Geir tenkjer om klimatiltak på garden.

 

Vil du bli spydspissbonde, finn du meir informasjon her.