HUGS Å MELDE DEG PÅ:   Påmeldingsfristen til fagdagen er tysdag 15. september til servicetorget@gloppen.kommune.no eller ring 57 88 38 00

Klima, utsleppsreduserande tiltak og tilpassingar til eit endra klima kjem landbruksnæringa ikkje unna.  Du som har den viktigaste jobben i verda - å produsere mat - kjenner klimaendringane på kroppen kvar dag.   Difor er dette eit svært viktig tema for deg som bonde og matprodusent.  Det er bra at Gloppen kommune er i førekanbt og inviterer næringa inn til diskusjonar og faglege oppdateringar.

Korleis skal vestlandslandbruket kome på bana i møte med klimaplanar på ulike nivå UTAN å miste fokuset frå det aller viktigaste å produsere mest mogleg mat med utgangspunkt i dei arealressursane og dei andre føresetnadene som vestlandsbonden rår over.

PROGRAM for fagdag torsdag 17. november 2020 på Gloppen Hotell

Kl 11        Servering av smørbrød/rundstykke

Kl 11.30     Program/seksjonar:

Klimaplan for Gloppen – landbruket si rolle 
        Birte Fossheim (Gloppen kommune)
        Arne Frode Øvreseth (Samstyret for Bondelaga i Gloppen)
        Anders Felde (Sogn og Fjordane Bondelag)                          

Landbruket sin klimaplan
        Elisabeth Sæter (Norges Bondelag)

Klimakalulator, kva og korleis i kvardagen?  
        Jan Asle Torstad (TINE) og Helena Elvatun (Norsk Landbruksrådgiving) 

Kva finst av verkemiddel/tiltak i dag og nær framtid som er til hjelp? 
        Randi Erdal og Bjørn-Harald Haugsvær (Fylkesmannen i Vestland)

Dialog/refleksjonar - kva kan eg gjere på min gard ut frå det eg har høyrd i dag? 
        Birte Fossheim og Trine Alme (Gloppen kommune) 

Innspel til klimaplanen
        Birte Fossheim og Trine Alme (Gloppen kommune)

Oppsummering – kva gjer vi framover
        Arne Frode Øvreseth og Anders Felde

Kl 15         Takk for at du kom!