Klimabuzzen rullar vidare
Klimabuzzen er kome til Sunnfjord. Målet er å køyre til Sogn. På vegen svingar den innom mange dyktige bønder. Fokus er klimatiltak.
I SUNNFJORD: Knut Tore Nes Hjelle (styremedlem i Vestland Bondelag) er kome til Felleskjøpet på Skei, og ser fram til ein ny dag med klimabuzzen. I dag ruller buzzen gjennom Sunnfjord, og Sogn. Marita Skeie (rådgjevar i Vestland Bondelag) er med, og skal dokumentere turen.
KLIMASMART: Medan klimabuzzen var på Skei møtte me Grim Erik Gillestad, konsernstyremedlem i Felleskjøpet Agri.Han tipsa oss om eit knakande bra klimatiltak.
STOPP PÅ EIKÅS: Klimabuzzen har akkurat besøkt spydspissbonde Geir Støfring, det var eit koseleg besøk. Hans beste klimatiltak er avl på sunne og friske dyr.
SISTE STOPP I SUNNFJORD: Kva er det største klimatiltaket de har gjort på garden dei siste åra? Me spurte Ole Magnus Mo, leiar i Gaular Bondelag.
REISEBREV: Klimabuzzen rullar sørover, og gjett kva? No er den kome til Vik i Sogn. Knut Tore er oppgitt over reiseruta, og Marita skal lade klimabuzzen.
VANGE GARD: Klimabuzzen har besøkt Turid Haga Vange, det var både koseleg og lærerikt. Ho delte meir enn gjerne eit bra klimatiltak med oss, og det sette me stor pris på.
SMART LØYSING: Klimabuzzen gjer seg ikkje, og har no svinga innom Aurland. Her besøkte me Gøril og Einar Lie. I tillegg var sonen deira Åmund heime. Sjå kva klimatiltak dei har gjort på garden sin.
I morgon køyrer klimabuzzen til Voss.