KJEKT MED KLIMABUZZ: Frå venstre står Jan Erik Fløtre (leiar i Vestland Bondelag), Ola Håkon Ulfsnes (leiar i Møre og Romsdal Bondelag) og Knut Tore Nes Hjelle (styremedlem i Vestland Bondelag).

 

FOKUS PÅ GODE KLIMALØYSINGAR: Klimabuzzen er kome til Eid, og Knut Tore Nes Hjelle gler seg til dei neste dagane. Han skal køyre buzzen framover, og ser lyst på akkurat det.

 

GODE TIPS: Klimabuzzen har rulla rundt i Nordfjord, og Knut Tore er stolt sjåfør. Første stopp var hjå Reidun og Magnus Smørdal Hjelle. Målet var å få inspirasjon til gode og klimasmarte tiltak. 

 

BILPRAT: Kva er dei beste klimatiltaka Runar Haugland har gjort i samdrifta? Det ville gjerne Knut Tore finne ut. Han og klimabuzzen svinga difor innom Runar i dag. 

 

KLIMAKALKULATOREN: Kva seier mjølkebonde Tom-Even Svanevik Langø om klimakalkulatoren? Knut Tore  var nyfiken, og svinga innom Langø med klimabuzzen. 

 

BUZZEN TIL BJØRLO: Klimabuzzen og Knut Tore har reist til Bjørlo i Nordfjord. Der fekk Bård Arne Tvedt besøk. Han vart utfordra til å dele sitt beste tips til klimasmarte løysingar i landbruket, og det gjorde han meir enn gjerne.
 

NYTT BESØK: Møt Nikolai Åshamar, leiar i Eid Bondelag. Han driv med mjølkeproduksjon på Eid, og vart utfordra av Knut Tore til å dele sitt beste klimatiltak.

 

Klimabuzzen har vore i Nordfjord dei siste dagane, men i morgon set den kurs mot Sogn. Kanskje svinger klimabuzzen innom nokre bønder der også.