Tysdag 14. februar var det kurs i klimakalkulator på Førde gjestehus og camping. Deltakarane logga seg på kalkulatoren og diskuterte mellom anna kva for tal som er viktigast å få inn og korleis kalkulatoren fungerer for samdrifter. Klimakoordinator Lene Vangberg Monsen hadde innlegg om Landbrukets klimaplan, kor viktig det er med klimaarbeid i næringa, klimatiltak på gardsnivå, klimarådgjeving og RMP-tilskot til rådgjeving.

Arrangør av møtet var Naustdal produsentlag, Førde og Kvammen produsentlag, KlimaVest og Vestland Bondelag.

Møtet i Førde
Onsdag 15. februar hadde vi møte med Sogndal kommune ved landbruksrådgjevar Olav Øyrehagen. Det vart ein god diskusjon om klimaarbeid i kommunen og planlegging av klimasamling for bøndene i kommunen. Kommunen hadde invitert bønder med på møtet, og leiar i Balestrand Bondelag, Hilde Sværen, stilte på kort varsel.
 

Lene Vangberg Monsen på møte med Sogndal kommune

Om kvelden var klimakoordinatoren invitert med på bondekafé hos Luster produsentlag. Ho hadde innlegg om  klimaarbeidet og klimasmarte tiltak. Spydspissbonde Leif Arne Lirhus deltok via Teams. Han snakka mellom anna om klimakalkulator og klimatiltaksplan på gardsnivå. Heile 28 bønder møtte opp på bondekaféen, og det kom gode spørsmål frå salen.

Mellom møta vart det tid til eit besøk hos Spydspissbonde Geir Støfring