Prisen skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må også fremje naturmangfald.

Alle kan nominere kandidatar, iog fristen er 28. februar.

Kven kan nominerast?

Gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats kan få prisen.

Døme på god innsats kan mellom anna vere:

  • arbeid med karbonbinding
  • reduksjon av klimagassutslepp
  • klimatilpassing
  • målretta arbeid med jord og skog
  • forbetring av vasskvalitet
  • gjenvinning og reduksjon av avfall
  • styrking av naturmangfald

Meir informasjon om prisen og nominasjonsskjema finn de på nettsidene til Vestland fylkeskommune.