Det første årsmøtet i Vestland Bondelag skulle sjølvsagt vore fysisk så alle kunne møte dei nye kollegaene og byggje eit solid fylkeslag. Diverre gjer koronasituasjonen at også dette møtet må vere digitalt. Vi trur likevel det kan verte eit godt møte. På programmet står mellom anna Victor Norman, leiar av distriktsutvalet og professor emeritus ved NHH, med innlegget "Ny giv for bygdeliv". Frå Norges Bondelag kjem John-Erik Skjellnes Johansen for å leggje fram saker som er viktige i organisasjonen.

Bybonden i Bergen Ida Kleppe vil presentere seg sjølv og prosjektet "Bybonden" og Birgitte Sunde Bjaanes vil presentere rekrutteringsprosjektet. Frøydis Haugen, nytilsett prosjektleiar, vil fortelje litt om planane for korleis Vestlandsbonden kan redusesere klimaavtrykket frå matproduksjonen.

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil fylkesstyret snakke om viktige saker for fylkeslaget, og det vert også ein basar til inntekt for Bønder hjelper bønder» i Malawi.

Møtet skal vere på Zoom, same plattform som skipingsmøtet og regionmøta, og vi vil nytte Smart Vote til val og talarlista. Det vert høve til opplæring i eige testmøte 10. mars. For å sikre best mogeleg gjennomføring, vil møteleiinga vere samla fysisk på Scandic Voss.

Årsmøtet vart varsla i eigen e-post i januar og innkalling med årsmøtepapir vart sendt i går.

Årsmeldingane for Sogn og Fjordane Bondelag og for Hordaland Bondelag er ferdige. Du kan lese begge årsmeldingane her: Årsmeldingane for 2020: Det året ein kjende seg på djupt vatn.............