- Det er viktig at Vestland har ei så tydeleg, dyktig og engasjert kvinne i Grøntutvalet sentralt, seier styreleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.  Vilkåra for å produsere frukt, bær, poteter og grønsaker er svært ulike i vårt langstrakte land.  Difor er det viktig med tydelege stemmer frå heile landet i utvalet.  Stemmer som tenkjer framover på vegne av medlemene i ulike deler av landet.    Det er til dømes viktig at verkemiddelbruken også vert lagt til rette for ein auka grøtproduksjon i Vestland.  Lukke til Kari Sigrun !  Vi heiar på deg :)

Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og medlem i Norges Bondelag sitt Grøntutval, Kari Sigrun Lysne frå Lærdal.