LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

Kan vi ete oss ut av miljøproblema?

Nei, sjølvsagt kan vi ikkje det. Nokre ser likevel ut til å tru det, og dei får etter kvart meir og meir spalteplass. Veganarar og andre som droppar kjøtt er heilt greitt, vi har ingenting imot dei, men når dei dreg klima argumentet  er det all grunn til å sette dei på plass.

Veganarane må ete kva dei vil for oss bøndene, men kom ikkje med argumentet om at ein vil kutte kjøttet for å berge jorda frå miljøproblema.  Vi kan ete både kjøtt og raudt kjøtt som i dag, og likevel berge klima. Ja, drøvtyggaren rapar metan som er ein klimagass som ikkje er bra. Ja, drøvtyggaren et mykje gras gjennom beiting og vinterfôr som binder CO2. Det er med andre ord både ei plusside  og ei minusside i miljørekneskapen. Forskinga viser langt større binding av CO2 i vekstar som blir beita i fjellet, enn i busker og kratt som tek over i områder der beitedyra har flytta ut. Beitinga legg også til rette for eit stort biologisk mangfald.  Det fantastiske med drøvtyggarane er at dei forvandlar grønt gras til feitt og protein som vi menneska treng. Det å i heile teke nemne raudt kjøtt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser at ein ikkje forstår grunnen til miljøproblema vi står overfor.

Med klimagode kyr og sauer som vinnarar i framtidig avlsprogram, med riktig og klimagodt kraftfôr og grovfôr so skal landbruket få utsleppa ned i tida framover. Vi veit også at 70% av kjøtet frå storfe kjem frå mjølkebesetningane som i tillegg til kjøtet produserer mengder av verdas beste mjølk. Når husdyrgjødsla i framtida også produserer "grønt" drivstoff so kan du fortsette å ete kjøttdeig og biff med det beste samvit.

Mange slenger rundt seg med kutt i kjøttforbruk som det store grepet vi som enkeltpersonar kan gjere i forhold til miljøutfordringane, men dette er skivebom. For det første må vi kutte i bruken av fossile drivstoff. Overgang til elbil, kutt i flyreiser og kutt i fossile kjelder til energiproduksjon er grepa som monner. Kanskje må vi nøye oss med å sjå bilder frå Thailand i framtida framfor å reise dit, dersom vi ynskjer å kutte i utsleppa.

Når det gjeld mat bør vi kutte mest mogeleg i transporten av mat på verdshava. Det betyr at det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim, enn avokado frå Chile. Men sjølvsagt skal vi auke forbruket av norsk frukt, bær og grønt. Det er bra for helsa, bra for klima og bra for verdiskapinga innaskjærs. Kasting av mat er også noko som er negativt for klima, og her har både matkjedar, matindustri og folk flest ein jobb å gjere for å bidra til eit betre klima.

Dersom folk flest i tillegg greier å kutte i det materielle forbruket, so vil mykje vere gjort.

Folk flest må endre seg og forbruket sitt dersom vi skal gjere noko med miljøutfordringane, men akkurat det raude kjøtet kan eit framleis ete med godt miljøsamvit.

 

Helsing Sogn og Fjordane Bondelag

v/ Anders Felde